Bergljot Solberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergljot Solberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. juli 1935 (88 år)
Yrke arkeolog, professor, forfattar

Bergljot Solberg (fødd 7. juli 1930) er ein norsk arkeolog. Ho vart tilsett i 1982 som førsteamanuensis ved Arkeologisk institutt, Universitetet i Bergen, avla doktorgraden (dr.philos) ved Universitetet i Bergen i 1985 med avhandlinga Norwegian spear-heads from the Merovingian and Viking periods, og vart i 1989 professor ved Universitetet i Bergen som ein av dei fyrste kvinnelege arkeologiprofessorane i Noreg.

Solberg har ein stor vitskapleg produksjon attom seg, har skrive fleire artiklar i bokutgåvene av Store norske leksikon, og er forfattar av boka Jernalderen i Norge.[1] Ho er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, og dessutan medlem av Internationales Sachsensymposion. Arbeitsgemeinschaft zur Archäologie der Sachsen und ihrer Nachbarvölker in Nordwesteuropa.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jernalderen i Norge : ca. 500 f.Kr.-1030 e.Kr. (2000) 2003. Oslo: Cappelen akademisk forlag. ISBN 8202231787 ISBN 9788202231781
  2. Internationales Sachsensymposion