Bergsche Maas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bergse Maas eller Bergsche Maas er ein kanal som vart bygd i 1904 som ei grein av elva Maas i Noord-Brabant i Nederland. Maas deler seg nær Heusden i Afgedamde Maas og Berge Maas. Afgedamde Maas renn nordover fram til ho renn saman med elva Waal (Rhinen), medan Berge Maas renn vestover som den største greina. Tidlegare rann den naturlege Maas frå Heusden til Amer og estuaret Hollands Diep. Denne greina mudra til og er i dag den litle leva Oude Maasje («Litle gamle Maas»). Bergse Maas, som har fått namn etter byen Geertruidenberg, vart danna i nedslagsfeltet hennar for å ta over dei tidlegare funksjonane hennar. Prestasjonen med å separere elvane Rhinen og Maas vert rekna som ein av dei største prestasjonane innan nederlandsk ingeniørkunst før 1900-talet.

Det går to vegbruer og tre bilferjer over kanalen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]