Bergstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bergstad er ein by-liknande tettstad grunnlagd med utgangspunkt i gruvedrift. Ein bergstad hadde tidlegare eigne lover og rettar, såkalla berglover. I Noreg er Kongsberg og Røros gamle bergstader. Fram til 1683 gjaldt bergordninga slik ho var fastsett i kurfyrstedømet Sachsen. Bergordninga danna grunnlaget for Berg–Ordinancen av 23. juni 1683. Kongelege forordningar og bergprivilegium vart gjort gjeldande. Lovane regulerte mellom anna retten til å driva med gruvedrift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]