Bergtrupial

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergtrupial
Bergtrupial
Bergtrupial
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Bergtrupial
Utbreiinga av Bergtrupial
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Trupialfamilien Icteridae
Slekt: Macroagelaius
Art: Bergtrupial M. subalaris
Vitskapleg namn
Macroagelaius subalaris

Bergtrupial (Macroagelaius subalaris) er ein fugl i trupialfamilien. Han er endemisk for Santander-departementet i Colombia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein relativt stor trupial, kroppslengd ca. 29 centimeter inkludert ein lang hale. Hannfuglar er litt større enn hofuglar. Fjørdrakta er heilsvart med blåglans, men dei har ein lite synleg kastanjefarga flekk i «armhola». Nebbet er konisk. Lætet er varierande, mellom anna ein høgfrekvent, ringelyd 'tirititiuu, tirititiuu, tirititiuu'.

Han lever i vestskråninga av den austlege fjellkjeda av Andes, i høgder mellom 1900 og 3100 moh.[1] Utbreiingsområdet er lite, ca. 640 km2,[2] og ligg mellom Bucaramanga og sørover til vel 100 km i luftlinje sør for Bucaramanga i Santander-departementet. Han har tidlegare òg vore registrert sør for Bogotá. Bergtrupialar føretrekk habitat med fuktig, alpin skog, helst eik med epifyttar.

Populasjonen er estimert til å ligge i området 1000-2500 individ og minkande. Arten er klassifisert som sterkt truga.[2] Trugsmåla inkluderer avskoging og mangel på passande biotop.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Fraga, 2011
  2. 2,0 2,1 BirdLife International (2015)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bergtrupial