Bering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
In Holland (ca. 1887-1890) av den amerikanske målaren Gari Melchers. To kvinner ber eit åk, ei ryggkorg og ei rive.

Bering er det å halda noko oppe og ta det med seg.[1] Menneske kan bera noko i handa, på armen, skuldera, hovudet, ryggen eller på andre måtar ved hjelp av utstyr eller ulike innretningar, eller dei kan få dyr til å bera, som ridedyr eller kløvdyr. Dyr kan også bera ting for seg sjølv, til dømes ved hjelp av munnen, klørne eller spesielt tilpassa kroppsdelar. I moderne tid er mykje bering erstatta av røyr, kranar, heisar, vogner, traller, fargreier og andre maskinar.

Blant levande vesen er det hovudsakleg berre menneske og maur som samarbeider om å bera.[2] Det finst også spreidde døme blant sosiale edderkoppar, gjødselbiller og ungrotter.[3]

Menneske som ber[endre | endre wikiteksten]

Menneske over heile verda kan bera med seg næringsmiddel, utstyr, eigedelar og andre menneske, særleg mindre barn. Det finst ei rekkje ulike hjelpemiddel for å bera, som berenett, bøtte, veske, korg, krukke, meis, åk og ryggsekk. To eller fleire personar kan bera noko saman, til dømes ved hjelp av ein stokk, ei båre eller ein berestol.

Menneske kan bera tunge bører viss det felles tyngdepunktet til overkroppen og børa saman ligg over både rørsleaksa til ryggsøyla og underlivet. Dette gjer bering på hovudet til ein effektiv beremetode. Ved bering av ei tung bør på ryggen kan ein bøya seg framover for å flytta tyngdepunktet, men dette kan føra til skader. Utstyr som ryggsekkar og meisar kan hjelpa til med å fordela vekta på andre delar av kroppen, som hoftene.[4]

Yrke som hovudsakleg har med bering å gjera er berar, sjauar og flyttemannskap.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bering som konkurranse[endre | endre wikiteksten]

Styrketevlingar som styrkeløft eller vektløfting omfattar ofte løfting medan ein står på staden,[5][6] men kan også innebera bering av tunge gjenstandar over avstand, som i strongmantevlingar og highland games.[7] Elles blir bering brukt i meir lettsindige konkurransar, som potetløp og konebering.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Bering kan vera ei symbolsk handling som er del av ritual, seremoniar og liknande. I samband med opptog, oppstillingar og mønstringar kan ein bera flagg, faner, symbolske gjenstandar eller våpen, gjerne på særskilde måtar. Ved seremoniar som bryllaup eller kroning kan ein til dømes bera ein dyrebar gjenstand, som ein ring eller ei krone, på ei pute for å visa han ekstra vyrdnad.

I religiøse opptog kan ein bera med seg helgen- eller gudsfigurar, gjerne opphøgd på ei spesiell bereinnretting. I kristne opptog kan ein bera ein kross som symbol på Kristus eller til minne om at Jesus sjølv bar krossen sin til krossfestinga. Sistnemnde hending er eit utbreidd motiv i kristen kunst.

Bering av spesielle gjenstandar kan også vera ein del av valfart, til dømes ved at ein ber med seg offer til ein heilagdom eller tek med seg noko, som heilag vatn frå ei elv, til heimstaden sin. Under den tamilske høgtida thaipusam ber ein ulike bører kalla kavadi til minne om at Idumban bar med seg to åsar i eit åk.[8] Gudommelege eller mytologiske figurar kan i ulike forteljingar eller framstillingar bera med seg ting som kan demonstrera ei særskild kraft eller styrke. Innan hinduismen finst det til dømes ei soge om at Hanuman bar med seg eit fjell det vaks særskilde urter på i staden for å plukka urtene, medan Bibelen har ei soge om at Samson bar med seg byportane til Gaza til ein ås ved Hebron.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Berande dyr[endre | endre wikiteksten]

Dyr kan bera med seg saker i munnen, til dømes mat til ein lager- eller etestad, materiale til å byggja bustader med, eller avkom for å passa på det. Nokre fiskar driv med munnruging, det vil seia at dei held yngelen trygg inne i munnen sin. Pungdyr har eigne pungar dei kan bera med seg ungane sine i. Nokre insekt, som bier, maur og termittar, kan bera daude individ til ein oppsamlingsstad. [10]

Maur kan bera ulike typar last med kjevene. Nokre av dei kan bera tunge bører som er opptil 50 gonger så tunge som deira eiga vekt.[11] Maur kan også samarbeida om å bera større ting saman.[12] Dei kommuniserer med andre maur og finn vegen ved hjelp av feromonar. I tillegg kan ein hjelpemaur leia ei gruppe som ber ei større bør i rett retning.[13]

Når menneske bruker dyr til å bera ting fester dei ofte børa på ryggen og/eller sidene til dyret. Nokre dyr kan trenast til å løfta ting sjølv for å bera dei, som elefantar med snabelen og tenestehundar med munnen.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «bere» i Nynorskordboka.
  2. Lasse Biørnstad (3. august 2015), «Speidere leder maten hjem til tua», forskning.no (på norsk), henta 10. september 2019 
  3. «How do ants synchronize to move really big stuff?», PBS NewsHour (på engelsk), 28. juli 2015, henta 10. september 2019 
  4. «Å gå med ryggsekk». Fjellrevenshop. Henta 7. september 2019. 
  5. Bryhn, Rolf; Lillesvangstu, Rune Fossum (19. september 2019). «vektløfting». Store norske leksikon (på norsk). 
  6. Bryhn, Rolf (19. september 2019). «styrkeløft». Store norske leksikon (på norsk). 
  7. Bryhn, Rolf (30. juni 2014). «Highland Games». Store norske leksikon (på norsk). 
  8. «Kavadi Festival a Famous Murugan Festival of Tamilnadu India», www.tamilnadu-tourism.com, henta 23. september 2019 
  9. «Elephants carrying Buddha’s relics - Unknown», Google Arts & Culture (på engelsk), henta 10. september 2019 
  10. «Queen Ants and Other Insects Bury Their Dead—Here's Why», National Geographic News, 12. oktober 2017, henta 10. september 2019 
  11. «Hvordan kan maur være så sterke?», illvit.no (på norsk bokmål), henta 10. september 2019 
  12. «How do ants synchronize to move really big stuff?», PBS NewsHour (på engelsk), 28. juli 2015, henta 10. september 2019 
  13. «ants and their behaviour | science with dr karl», National Geographic Kids, 26. juli 2018, henta 10. september 2019