Berislav Grgić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Berislav Grgić
Biskop Berislav.jpg
Fødd 15. februar 1960
Kotor Varoš
Yrke teolog, katolsk prest
Berislav Grgić på Commons

Berislav Grgić (fødd 15. februar 1960) er katolsk biskop i Tromsø stift.

Utnemninga vart offentleggjort den 18. desember 2008 og vigslinga fann stad 28. mars 2009.

Berislav Grgić studerte ved den teologiske høgskolen i Vrhbosna, og vart vigsla til prest i 1986 i Banja Luka. Sidan studerte han til lisensiatsgrad i spiritualitet ved det pavelege universitet Gregoriana i Roma 1988-1991.

Han underviste ved guteseminaret i Zadar i Kroatia 1991-1992, og arbeidde for dei katolske hjelpeorganisasjonane Caritas Banja Luka og Caritas Zabreb frå 1992 til april 1995. Sidan var han sokneprest i Budžak til han flykta frå krigshandlingane den 20. august 1995.

Våpenskjole til Berislav Grgić

Han kom til Oslo 1996 og vart sjelesørjar i Oslo katolske bispedømme, og frå 2000 var han skoleprest ved St. Sunniva skole og kapellan tilknytt St. Olav domkirke. Frå 2007 til 2008 arbeidde han i erkebispedømmet München og Freising.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]