Berit Berthelsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berit Berthelsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. april 1944
Nittedal kommune
Død

13. februar 2022 (77 år)
Bærum kommune

Yrke friidrettsutøvar
Språk norsk
Høgd 171 centimeter
Ektefelle Roar Berthelsen

Berit Berthelsen (fødd Tøien) (25. april 194413. februar 2022) var ein norsk tidlegare friidrettsutøvar. Ho var den leiande på sprintdistansane og i lengdehopp i Norden på 1960-talet. Under nordisk meisterskap i 1965 vann ho fem gullmedaljar (100 m, 200 m, 400 m, lengdehopp og 4 x 100 m stafett). Hennar fremste enkeltprestasjon var bronsemedaljen i lengdehopp under europameisterskapen i 1969. I norske meisterskap på bane vann ho i alt 31 gullmedaljar. Fire gongar vart Berthelsen tildelt kongepokalen. Ho var medlem av Hakadal IL fram til 1965, sidan IL Tyrving. Berthelsen budde i Bærum.

Hoppar og sprintar[endre | endre wikiteksten]

Berit Tøien markerte seg første gongen under noregsmeisterskapen 1960 i Sarpsborg. Der vann ho, 16 år gammal, sølvmedalje i lengehopp med eit hopp på 5,28 m. Året etter hoppa ho 5,62 m under noregsmeisterskapen i Bergen, men vart atter vist til sølvplass. Ei anna talentfull idrettsjente, Oddrun Lange (Hokland) vann tevlinga (og kongepokalen) med resultatet 5,81 m. Tøien fekk elles med seg ein bronsemedalje på 200 m frå meisterskapen i Bergen. Sine første NM-gull vann ho i 1962 i Drammen. Her vann ho både 100 m, 200 m og lengdehopp. Ved noregsmeisterskapen 1963 vann ho for eit lengdehopp på 5,92 m sin første kongepokal. Same sesongen vart ho den første norske (og nordiske) kvinna som hoppa over 6 m i lengde.

Frå 1964 høyrde Berit Berthelsen, ho gifta seg på slutten av året med lengdehopparen Roar Berthelsen, med i verdseliten i lengdehopp. Ho vart norsk meister og kongepokalvinnar med eit hopp på 6,39 m. Under sommar-OL i Tokyo nådde ho ikkje opp mot sitt beste og vart nummer ni.

I 1965 vann Berthelsen dei fire individuelle øvingane ho stilte opp i under nordisk meisterskap i Helsingfors, og var så med å springe det norske stafettlaget inn til siger. Sesongen 1966 vart ho nummer seks i finalen på 400 m under europameisterskapen på tida 54,1, hennar aller snøggaste 400 m. Ho var då på sitt aller beste i sprintløp, for alle hennar personlege rekordar på 100 m, 200 m og 400 m vart sett i 1966.

10. september 1968 forbetra ho sin norske lengderekord til 6,56 m under eit stemne på Bislett stadion. Ho klarte ikkje heilt å nå same lengdene i hoppegropa under OL ein månad seinare, og vart nummer sju.

Berthelsen vann heile fem gullmedaljar under noregsmeisterskapen 1969 i Fana; på 100 m, 200, 400 m, lengdehopp og så den då nye øvinga 100 m hekk (tidlegare 80 m hekk). Under EM i Athen i september 1969 stod ho for det som må haldast for hennar beste tevlingsprestasjon. Med eit bestehopp på 6,44 m vann ho bronsemedaljen i lengdehopp. Ho var berre fem centimeter bak vinnaren Mirosława Sarna frå Polen.

Berthelsen var aktiv fram til 1974, men på 1970-talet låg ho på eit lågare resultatnivå enn tidlegare. I lengdetevlingane hoppa ho noko i overkant av 6 m. Sitt siste NM-gull vann ho i 1974 med eit hopp på 6,09 m.

Medaljar norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 100: Fem gullmedaljar (1962, 1964-65 og 1969-70)
  • 200 m: Ni gullmedaljar på rad (1962-70) og ein bronsemedalje
  • 400 m: Fire gullmedaljar (1965-66 og 1969-70) og ein bronsemedalje
  • 100 m hekk: Ein gullmedalje (1969) og ein sølvmedalje
  • Høgdehopp: Sølvmedalje (1968)
  • Lengdehopp: Elleve gullmedaljar (1962-66 og 1968-70, 1972-74) og to sølvmedaljar
  • Femkamp: Ein gullmedalje (1968)

Dessutan fire gongar norsk meister i 1000/1500 m terrengløp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Ho vann innandørs-EM i lengdehopp i 1967 og 1968 (tevlingar med låge deltakartal, samanlikna med utandørsmeisterskap).

Personlege rekordar[endre | endre wikiteksten]

  • 100 m: 11,7 (1966)
  • 200 m: 24,1 (1966)
  • 400 m: 54,1 (1966)
  • 100 m hekk 14,5 (1969)
  • Høgdehopp: 1,56? m
  • Lengde 6,56 m (1968)

Berthelsen sette og forbetra norske rekordar 33 gonger. Lengderekorden frå 1968 på 6,56 m var norsk rekord fram til 1. august 2009 då Margrethe Renstrøm hoppa 6,64 m.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

I 1965 vart Berit Berthelsen tildelt Morgenbladets Gullmedalje.

Berthelsen var norsk flaggberar i sommar-OL 1968 i Mexico by.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bokmålswikipedia
  • Magnus Breili:Sport i navn og tall. Oslo, 1971
  • Sportsboken, aktuelle årgangar