Berit Brørby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berit Brørby

Fødd5. desember 1950 (73 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Berit Brørby (fødd 5. desember 1950) er ein politikar for Arbeidarpartiet, fødd i Oslo. Ho representerte Oppland og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1985 til 2009.

Brørby arbeidde som butikkekspeditør 1970-71. Sidan hadde ho ymse sekretær-stillingar i Norema A/S i perioden 1976-85. I 1985 vart ho innvald på Stortinget for Oppland. Ho vart gjenvald fem gongar og sat såleis på tinget i 24 år. I si fyrste stortingsperiode var ho medlem av Energi- og industrikomiteen. Deretter var ho medlem av Finanskomiteen frå 1989 til mars 2000. Ho vart så leiar av Kommunalkomiteen resten av stortingsperioden 1997-2001. Perioden 2001-05 var ho leiar av Fullmaktskomiteen og medlem i Valkomiteen. Frå 2001 til ho gjekk av Stortinget i 2009 var ho medlem av Kontroll- og konstistusjonskomiteen. Gjennom sine år på Stortinget hadde ho ymse ombod i i Odelstinget; sekretær 1985-93, Visepresident 2001-05 og President 2005-09.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]