Berit Johannessen
| Berit Johannessen | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 17. mars 1951 (74 år) Oslo |
| Idrett | langrenn |
| Tok del i | Vinter-OL 1976 |
Berit Johannessen (fødd 17. mars 1951) er ein norsk tidlegare langrennar frå Bærum i Akershus. Ho vart norsk meister på 20 kilometer i 1976 og på 10 km i 1978.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Johannessen kneip sølvmedaljen på 10 km i Ski-NM 1974 i Selbu, slått av Berit Mørdre. Seinare i sesongen kneip ho andreplassen på 5 km under Holmenkollrenna framom finske Marjatta Kajosmaa. Vinteren 1975 måtte Johannessen nøye seg med to fjerdeplassar i noregsmeisterskapen.
I januar 1976 gjekk Johannessen inn til sølv på 10 km i noregsmeisterskapen. Tre veker etter deltok ho i dei olympiske vinterleikane i Innsbruck, der ho vart nummer 20 på 5 km og 23 på 10 km, før ho gjekk den tredje etappen for det norske laget som kom på femteplass i stafetten. I mars månad vart ho nummer 5 og beste norske utøvar på 10 km i Holmenkollrenna, deretter vann ho den fyrste 20-kilometeren i ein norsk meisterskap. Frå Ski-NM 1977 på Røros fekk Johannessen med seg to bronsemedaljar.
I 1978 vann ho sølvmedaljen på 20 km under noregsmeisterskapen på Konnerud i Buskerud. Fire dagar seinare vart ho noregsmeister på 10-kilometeren, framom Marit Myrmæl og Berit Kvello. Ved verdsmeisterskapen i Lahti gjekk Johannessen opningsetappen for eit norsk stafettlag som på ny vart nummer 5. I byrjinga av mars månad tok ho seg av ein etappe for Noregs vinnarlag i 3x5 km stafett ved Svenska skidspelen. Helga etter vart ho den fyrste norske kvinna som vann ein 10 km i Holmenkollen.
Johannessen, som var medlem i Fossum Idrettsforening, var aktiv til 1980.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |