Berit Marie P.E. Eira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berit Marie P.E. Eira

Fødd6. mars 1968
Statsborgar avNoreg
Yrkereindriftsutøver, politikar
Alle verv
  • sametingsrepresentant (2017–2021)
  • sametingsrepresentant (2021–Ukjent) Sjå dette på Wikidata

Berit Marie P. E. Eira (fødd 6. mars 1968) er ein norsk samisk politikar og reineigar som har site på Sametinget for Flyttsamelista frå Ávjovárri valkrins sidan 2017. Ho var medlem av Sametingsrådet frå 2017 til 2019. Dei siste to åra av perioden skulle opphavleg Ellinor Marita Jåma frå Åarjel-Saemiej Gielh ta over plassen i rådet.[1] Etter at Jåma meldte at ho likevel ikkje kunne ta rolla, vart det Hans Ole Eira frå Senterpartiet som tok over plassen frå 2019 til 2021.[2]

Eira har studert handel, økonomi og tradisjonell kunnskap og har ein bachelor i reindrift.[3]

I perioden 2021–2025 er ho parlamentarisk leder for Flyttsamelista og medlem i nærings- og kulturkomiteen på Sametinget.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Disse skal sitte i sametingsrådet. To av dem skal bytte på ett sete», www.ifinnmark.no (på norsk), 9. oktober 2017, henta 7. juli 2019 
  2. Paulsen, Raymond (6. oktober 2019), «Endringer i sametingsrådet», www.radionordkapp.no (på norsk), henta 18. februar 2021 
  3. Paulsen, Simon Piera (14. august 2017), «Berit Marie Eira – listetopp for Flyttsamelista i Ávjovárri valgkrets», NRK, henta 7. juli 2019