Berit Oksfjellelv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Berit Oksfjellelv
Nasjonalitet Norsk
Fødd 1977
i Bleikvasslia
Yrke Journalist, filolog
Periode 2012-
Debut Ut av munnen

Berit Oksfjellelv (fødd 1977 i Bleikvasslia)[1][2] er ein norsk filolog, journalist, biletkunstnar og forfattar.

Oksfjellelv er utdanna cand.philol med hovudfag i nordisk og mellomfag i kunsthistorie.[3] Ho har arbeidd i Landslaget for norskundervisning, i Norsk Ordbok, i Stadnamnkonsulenttenesta, og som lærar i grunnskulen, den vidaregåande skulen, kulturskulen og ved Nord universitet.[3][2]

Ho debuterte som forfattar i 2012 med biletboka Ut av munnen.[4] Ho har skrive noveller for m.a. Norsk Barneblad, Nordnorsk magasin og magasinet Stemmer.

Kunst[endre | endre wikiteksten]

I 2013 debuterte ho som kunstnar på den Nordnorske kunstutstilling med biletet "Tvil". I 2016 deltok ho på ei fellesutstilling under Arctic Race of Norway med tre bilete.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2012 – Ut av munnen – Biletbok, illustrert av Jens Kristensen
  • 2017 - "Roadmovie" i antologien Vilje
  • 2019 - Skjør - novellesamling, skrive saman med Hallvard Kjelen

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Berit Oksfjellelv»». Nettstaden til Den Nordnorske Kunstutstilling. Henta 24. mars 2013. 
  2. 2,0 2,1 ««Illusjonistisk lureri og åpenbar samtidskritikk»». Nettstaden sekunst.no. Henta 24. mars 2013. 
  3. 3,0 3,1 ««Berit Oksfjellelv»». Nettstaden til forlaget Mangschou. Henta 24. mars 2013. 
  4. Judith Sørhus Litlehamar. ««Ut av munnen»». Nettstaden pirion.no. Henta 24. mars 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]