Berit Rokne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Berit Rokne
Berit Rokne.jpg
Fødd22. oktober 1954
Bergen
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor
VervRektor for Høgskulen på Vestlandet
EtterfylgjarGunnar Yttri

Berit Rokne (fødd 22. oktober 1954 i Bergen)[1] er ein norsk forskar og var den første rektoren ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).[2] I januar 2021 vart ho seniorrådgjevar i rektors stab ved Høgskulen på Vestlandet.[3]

Akademisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Rokne kom til Høgskulen på Vestlandet frå stillinga som professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen. Ho vart tilsett som rektor i slutten av 2016, før den nye høgskulen vart ferdig fusjonert 1. januar 2017. Rokne var tilsett ved Universitetet i Bergen frå og med 1987 og som professor frå 2003. Ved same institusjon vart Rokne tilsett som viserektor for utdanning frå 2005 til 2009 og som prorektor frå 2009 til 2013. Ho var i perioden 1996-1999 studiesjef ved Høgskulen i Bergen.[4]

Rokne har ein doktorgrad i sjukepleievitskap frå 1992, og var den første personen i Noreg med doktorgrad i sjukepleie.[5]

Som forskar har Rokne spesialisert seg på livskvaliteten til kronisk sjuke pasientar. Totalt har Berit Rokne gitt ut 97 fagfellevurderte publikasjonar under namnet Rokne Hanestad og 32 under namnet Rokne.[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Mads Trellevik (24. november 2016). «Berit Rokne blir rektor for Høgskolen på Vestlandet». BA. 
  2. Dag Hellesund (24.11.2016). «På Høyden». Henta 12.09.2018. 
  3. «Berit Rokne - Høgskulen på Vestlandet». www.hvl.no. Henta 4. januar 2021. 
  4. Rektor Berit Rokne ; hvl.no
  5. «Norsk Sykepleierforbund» (PDF). 2013. 
  6. «Christin». 01.11.2017. Henta 13.09.2018.