Berkel
Hopp til navigering
Hopp til søk

Berkel i Gescher

Berkel nær Eibergen
Berkel er ei elv i Nederland og ei av sideelvane til IJssel frå høgre.
Ho har sitt utspring i Billerbeck i Tyskland, nær byen Münster i Nordrhein-Westfalen, og kryssar grensa til Nederland nær Vreden (Tyskland) og Rekken (Nederland). Frå her renn ho gjennom provinsen Gelderland og munnar ut i IJssel ved Zutphen etter om lag 110 km.
Før jernbanen kom til området var Berkel ei stor transportåre for varer frå Münster til Eibergen, Borculo og Zutphen, transportert i båtar med flat botn kalla Berkelzompen. I 1950-åra vart den nederlandske delen av elva kanalisert for å hindre flaum og for å betre dreneringa. I nyare tid har dei gamle svingane i elva vorte ført tilbake i elva sitt naturleg leie.
Byar langs Berkel er:
- I Tyskland: Billerbeck, Coesfeld, Gescher, Stadtlohn, Vreden
- I Nederland: Eibergen, Borculo, Lochem, Almen, Zutphen
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Berkel frå Engelsk Wikipedia .