Berkeley Hills

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berkeley Hills
åskjede
Land  USA
Stat California
Kart
Berkeley Hills
37°52′58″N 122°14′16″W / 37.882777777778°N 122.23777777778°W / 37.882777777778; -122.23777777778
Wikimedia Commons: Berkeley Hills

Berkeley Hills er ei åskjede som er del av Pacific Coast Ranges og ligg langs nordaustsida av dalen som ligg kring San Francisco-bukta. Dei blei tidlegare kalla Contra Costa Range eller Hills[1][2] (opphavleg frå spansk Sierra de la Contra Costa), men det nye namnet blei etablert gjennom skipinga av Berkeley og University of California der.

Berkeley Hills sett frå CA 24 nær Orinda.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Berkeley Hills ligg langs den store Hayward-forkastinga på vestsida og den mindre Wildcat-forkastinga på austsida. Dei høgaste toppane er Grizzly Peak (535 m) og Round Top (537 m), ein utdøydd vulkan, og William Rust Summit (306 m).

Vollmer Peak (581 m) blir allment sett på som del av Berkeley Hills, men er eigentleg del av San Pablo Ridge nær punktet der ho møter Berkeley Hills ved toppen av Wildcat Canyon. Vollmer Peak har namne etter den fyrste politimeisteren i City of Berkeley, August Vollmer. Tidlegare blei han kalla Bald Peak, og Rocky Mound på 1800-talet.[3]

Det går fleire tunellar gjennom Berkeley Hills. To er akveduktar for EBMUD; Berkeley Hills-tunellen tener Yellow Line i metrosystemet Bay Area Rapid Transit (BART). Caldecott-tunellen fører State Highway 24 mellom Oakland og Contra Costa County.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Berkeley Hills