Berkner Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Berknerøya)
Berkner Island
øy
Land  Argentinsk Antarktis,  Britisk Antarktis
Stad Antarktis
 - koordinatar 79°30′S 47°30′W / 79.500°S 47.500°W / -79.500; -47.500
Høgaste punkt Thyssenhöhe
 - høgd 869 moh.
Lengd 320 km
Areal 44 000 km²
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Berkner Island
79°40′00″S 46°20′00″W / 79.666666666667°S 46.333333333333°W / -79.666666666667; -46.333333333333
Berkner Island is located in Antarktis
Berkner Island (Antarktis)
Wikimedia Commons: Berkner Island

Berkner Island, Berkner ishaug eller Hubley Island er i røynda ein ishaug, der berggrunnen faktisk er under havnivå. Om all isen her smelta, så ville øya ha vore under vatn[1] Berkner «Island» er òg fullstendig dekt av is og er kring 320 km lang og 150 km brei med eit areal på 44 000 km². Berkner er omringa av Filchner-Ronne isbrem. Det nordlegaste punktet på Berkner ligg kring 20 km frå det opne havet. Ho ligg i ein del av Antartkisk som høyrer til kravområda Argentinsk Antarktis og Britisk Antarktis.

Øya er 869 meter på det høgaste (975 moh i følgje somme kjelder) og skil Ronne isbrem frå Filchner isbrem. Ho er kjenneteikna av to domar, Reinwarthhöhe i nord (698 moh) ved 78°19′S 46°20′W / 78.317°S 46.333°W / -78.317; -46.333, og Thyssenhöhe i sør (869 moh), ved 79°34′S 45°42′W / 79.567°S 45.700°W / -79.567; -45.700. Ho har tre bukter på austsida som frå nord til sør er McCarthy Inlet, Roberts Inlet og Spilhouse Inlet. Gould Bay ligg på nordkysten. Berkner Island ligg kring 150 km vest for Luitpold Coast i Coats Land, den næraste delen av fastlandet i Aust-Antarktis. 17 km utanfor nordvesthjørnet av Berkner Island ligg Hemmen ishaug.

Berkner Island vart oppdaga av medlemmar av USA-Det internasjonale geofysiske året (US-IGY) ved Ellsworth Station leia av kaptein Finn Rønne, US Navy Reserve (USNR), i 1957-1958. Berkner Island vart namngjeven av USA Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter den amerikanske fysikaren Lloyd Berkner som var ingeniør under Byrd-ekspedisjonen (1928–1930).[2]

Sidan 1990 har Berkner Island vore utgangspunkt for lang polekspedisjonar. Ben Saunders har planlagt ei reise frå øya til Sørpolen og attende utan støtte.[3]

I 1994/1995 samarbeidde British Antarctic Survey, Alfred Wegener Institute og Forschungsstelle für Physikalische Glaziologie frå University of Münster med å bore iskjernar på nord- og sørdomen på Berkner Island.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://earthshots.usgs.gov/Filchner/Filchnertext
  2. http://data.aad.gov.au/aadc/gaz/scar/display_name.cfm?gaz_id=107766
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 20. juli 2012, henta 17. oktober 2012 
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 10. mai 2012, henta 17. oktober 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]