Berlepollen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Berlepollen er ein liten fjordarm på nordsida av FrøysjøenBremangerlandet i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Han har ei lengd på nesten 6 km og er omgjeven av over 500 meter høge og bratte fjell på kvar side.

Grendene Øgarden og Berle, som fjorden er kalla opp etter, ligg ved innløpet til fjorden som berre er om lag 150 meter breitt.