Berlin-Schönefeld lufthamn
Berlin-Schönefeld lufthamn | |
![]() | |
IATA | SXF ![]() |
---|---|
ICAO | EDDB, ETBS ![]() |
Operatør | Flughafen Berlin Brandenburg GmbH ![]() |
Tener | Berlin, Brandenburg ![]() |
Stad | Schönefeld ![]() |
Opna | 1946 ![]() |
Høgd | 157 fot ![]() |
Koordinatar | 52°22′43″N 13°31′14″E ![]() |
Nettstad | http://www.berlin-airport.de/ ![]() |
Flughafen Berlin-Schönefeld er ei internasjonal lufthamn som ligg like søraust for bygrensa til Berlin, i kommunen Dahme-Spreewald i Brandenburg.
Schönefeld var tidlegare hovudflyplassen i DDR og den einaste flyplassen som tente Aust-Berlin.
Fordi Schönefeld ligg utanfor byen er han ei mindre kjelde til forureining i Berlin enn den andre flyplassen i byen, Tegel lufthamn, som ligg innanfor bygrensa.
Schönefeld vart under ombygging til den nye hovudlufthamna for Berlin, Berlin Brandenburg lufthamn som skulle vore opna i juni 2012, men opninga er utsett fleire gonger. I 2006 hadde flyplassen 6 331 191 passasjerar.
Ulukker[endre | endre wikiteksten]
- 22. desember 1986: Eit Aeroflot Tu-134 styrta ved innflyging til flyplassen. 72 av 82 passasjerar og personell ombord døydde.
- 16. juli 1989: Ein Ilyushin IL-62M frå Interflug-Airlines styrta rett etter avgang i ein åker i Berlin. 21 personar døydde.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Berlin-Schönefeld lufthavn» frå Wikipedia på bokmål, den 19. september 2018.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |