Berlinkongressen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Berlinkongressen måla av Anton von Werner i 1881.
Otto von Bismarck står framme i midten.

Berlinkongressen var ein internasjonal kongress som blei halden i juni og juli 1878 i Berlin, med representantar for dei seks stormaktene i Europa og Det osmanske riket (Tyrkia). Føremålet med kongressen var å revidera freden i San Stefano mellom Russland og Det osmanske riket frå mars det året, etter krigen mellom desse landa. Under leiing av Otto von Bismarck og Benjamin Disraeli kom konferansen fram til den såkalla Berlinfreden eller Berlin-traktaten.[1]

Kongressen hadde representantar for stormaktene Tyskland, Austerrike-Ungarn, Frankrike, Italia, Storbritannia, Russland og Det osmanske riket.

Avtalen frå kongressen førte til at Romania, Serbia og Montenegro blei erklært uavhengige. Bulgaria blei delt i eit sjølvstendig fyrstedøme som var skattskyldig under Det osmanske riket, og ein provins, Aust-Rumelia, som var underlagt den tyrkiske sultanen.[1]

Russland fekk Bessarabia og eit stykke av Armenia, medan Austerrike fekk rett til å besetja Bosnia og Hercegovina. Storbritannia hadde allereie avtalt ein hemmeleg traktat med Det osmanske riket som sikra dei Kypros.[1]

Russland var særs misnøgd resultatet av Berlinfreden, som gav landet mindre fordelar enn freden i San Stefano. Kongressen skapte misstemning mellom Tyskland og Russland, og førte til alliansen mellom Tyskland og Austerrike i 1879.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Berlinkongressen». Store norske leksikon. Hentet 29. august 2018. 27. september 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]