Bermel Peninsula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 68°27′S 65°22′W
Bermel Peninsula
halvøy
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Stad Ellsworth Land
 - koordinatar 68°27′S 65°22′W
Administrert under Antarktistraktaten

Bermel Peninsula
68°27′0″ S 65°22′0″ W
Bermel Peninsula is located in Antarktis
Bermel Peninsula (Antarktis)

Bermel Peninsula er ei kupert, fjellendt halvøy, kring 24 km lang og 11 km brei mellom Solbergfjorden og MobiloilfjordenBowman Coast i Graham Land i Antarktis. Halvøya er 1670 moh ved Bowditch Crests og omfattar Yule Peak, Mount Wilson, Campbell Crest, Vesconte Point, Wilson Pass, Rock Pile Peaks, Miyoda Cliff og Rock Pile Point.

Halvøya ligg langs ruta utforska og fotografert frå lufta av sir Hubert Wilkins, 1928, og Lincoln Ellsworth, 1935, og vart først kartlagd av bilete frå Ellsworth av W.L.G. Joerg i 1937. United States Antarctic Service utforska området frå bakken, 1939–41, og posisjonerte halvøya omtrentleg. USAS fotografert òg halvøya frå lufta i 1940 og kalla ho «The Rock Pile» eller «Rock Pile Point». USBGN godkjende namnet Rock Pile Point for halvøya i 1947, men avgjersla vart så trekt attende. Halvøya vart verande utan namn kring 40 år før UK-APC i 1993 gav ho namn etter Peter F. Bermel, som var medlem av U.S. Advisory Committee on Antarctic Names, 1979-94 (styreleiar, 1993–94).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]