Bermudatriangelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Bermuda-triangelet, òg kalla «dødens triangel», er kallenavn på eit triangelforma område på ca. 2,5 millionar km² vest i det nordlege Atlanterhavet, Sargassohavet, nord for Karibia mellom Bermuda, Puerto Rico og Floridas sørlegaste spiss. Havområdet vart etter ei bok i 1974 feilaktig berykta for uvanleg mange uforklarlege skipsforlis, flystyrtar og forsvinningar, noko som har fått folk til å utvikla ulike teoriar om naturlege og overnaturlege årsaker til ulukkene. 50 skip og 20 fly skal ha «forsvunne sporløst» dei siste hundre åra.[1] Tilstellingar og fantasiar om Bermuda-triangelet har sidan vore vanleg i vestleg populærkultur.

«Bermuda-triangelet» eller «dødens triangel» er eit havområde mellom Bermuda, Puerto Rico og Florida der det angiveleg skal ha skjedd uvanleg mange uforklarlege forsvinninger av skip og fly.
Skonnerten «Carroll A. Deering» forsvann 29. januar, 1921, to dager seinare vart ho funne forlatt i North Carolina av US Coast Guard

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første skildringane av forsvinning i området vart fortald i 1940 av E.V.W. Jones i ein artikkel for Associated Press i samband med skipsforlis i området. Jones fortalde om mystisk forsvinning av skip, båtar og fly, og kalla området Devil’s Sea. Det vart på nytt nemnt i 1952 i ein artikkel i Fact Magazine. Vincent Gaddis namngav området Bermudatriangelet i 1964.

Flight 19 var av flytypen Grumman TBF Avenger

Flight 19 var ein sveit på fem torpedobombare frå den amerikanske marinen på øvelsesflyging frå Fort Lauderdale i Florida 5. desember 1945. Heile besetninga forsvann og vrakrestar av flya er aldri vorte funne.

Berlitz gjer fenomenet allment kjent[endre | endre wikiteksten]

Det har i lang tid vore mange ulike mytar om hendingar i Bermudatriangelet. Rykta vart allmeint kjent då Charles Berlitz og J.M. Valentine skreiv boka (Bermudatriangle på engelsk) i 1974. I boka hevdast det at uvanleg mange fartøy og fly har forlist eller styrta av uforklarlege grunner. Boka er tilgjengeleg online

Larry Kusche undersøkte fenomenet og skreiv i 1975 artikkelen The Bermuda Triangle Mystery – Solved. Han kom fram til at dei fleste forlis skjedde i hardt vêr og at mange av ulukkene ikkje hadde skjedd i området.

Forklaringar på fenomenet[endre | endre wikiteksten]

Skeptikere som har undersøkt påstandane om unormal aktivitet i området, har hevda at dei rett og slett er grunnlause, og at det ikkje er fleire uoppklara hendingar der enn andre stadar. Det skal difor ikkje vera noko mysterium å oppklara i det heile, og jakta på forklaringar må reknast som meiningslaus. Likevel har historiene pirra fantasien såpass at mange har foreslått «fornuftige forklaringar».[2]

Jordas magnetfelt[endre | endre wikiteksten]

Ein teori er at ulukkene skjer som følgje av at kompassnåla ikkje peikar mot Nordpolen, men mot den magnetiske nordpol, noko som i dette området utgjer ein stor skilnad. Det kan forklara enkelte ulukker, der fly har kome ut av kurs og gått tomme for drivstoff. Det kan forklara at fly styrtar, men ikkje noko om båtane. Eit lignande område finst austo

Geologi- eller værfenomener[endre | endre wikiteksten]

Det tropiske hav kan plutseleg rammast av kraftig lokalt uvêr, til dømes skypumper. Òg tropiske orkanar finst i området mellom Bermuda og Florida, og dei kan bidra til å auka ulukkestallane. I tillegg kan jordskred på havbunnen medføra kjempeutslipp av metangass som kan gjera havet fullt av boblar, som gjer at det vert sterke strømninger i ulike retningar og båtane dermed kan få slagside.

Metanutslipp[endre | endre wikiteksten]

Under tilhøve med låg temperatur og høgt trykk vil ei blanding av vatn og metan (eller andre gassar) kunne frysa og danna ein isliknande struktur som vert kalla metanhydrat («metan-is»). Naturlege førekomstar av dette er sidan 1970-talet funne i underjordiske soner både på land og til havs, tildels i store mengder. Slike metanhydrat er vanlegvis stabile, men gassen kan frigjerast ved til dømes jordskjelv og undersjøiske jordskred. Både skip og menneske vil sannsynlegvis søkka i boblefylt havvatn med låg tettleik. Slik gass kan òg forårsaka brann. Metanutslipp har difor i nyare tid vorte lansert som ei forklaring på dei mystiske fly- og båtforsvinningane i Bermuda-triangelet. Plutseleg frigjering av metaninnhaldet i metanhydrat kan òg vera ein av forklaringane til dei økologiske katastrofane og valdsame klimaforandringane som har skjedd fleire gonger i jordas oldtid.

Trafikkert område[endre | endre wikiteksten]

Området i Bermudatriangelet er sterkt trafikkert og det er naturleg at det forsvinn fleire skip og fly i dette området enn i mindre trafikkerte område.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.history.navy.mil/faqs/faq8-3.htm%5Bdød+lenke%5D
  2. The Skeptic's Dictionary: Bermuda (or "Devil's") Triangle

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]