Bernardo Bellotto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn mot Grand Canal og Dogepalasset, ca 1743
Dresden sett frå hi sida av Elbe, nedom August-brua, 1748
Wien sett frå Belvedere-palasset, 1759-60

Bernardo Bellotto (30. januar 172117. oktober 1780) var ein italiensk bylandskapsmålar eller vedutista, samt grafikar. Måleria hans er kjenneteikna av gjennomtenkte skildringar av vakker arkitektur eller naturtru plassar. Nett som morbroren Canaletto, som han var elev av, og mange andre vedutamålarar nytta han camera obscura-teknikken for å oppnå den tilsikta stemninga i bileta sine.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Bellotto var fødd i Venezia. Frå han var fjorten år gammal gjekk han i lære i verkstaden til sin berømte morbror. Han var 17 år då han vart medlem av målarlauget i heimbyen. Våren 1742 reiste han til Roma der han laga 16 vedutamåleri av byen. Åra 1744 og 1745 reiste han rundt i norddelen av Italia og heldt fram med å avbilde byane han besøkte. I 1745 fekk han elles i oppdrag å lage to byprospekt av byen Torino. Hertugen av Savoie, Karl Emanuel III, som også var konge av Sardinia, var oppdragsgjevar.

År 1747 flytta Bellotto til Dresden i Tyskland, etter å ha vorte innboden av kong Fredrik August II av Sachsen. Han laga mange måleri over byane Dresden og Pirna med omland. I dag er desse verka bevarte som minne over Dresdens tidlegare prakt, byen var i ruinar etter å ha vorte bomba i lang tid under andre verdskrigen. Under sjuårskrigen, som byrja i 1756, minka innkomene. Men hans internasjonale ry hadde vakse og i 1758 kunne han busette seg i Wien, etter invitasjon frå keisarinne Maria Teresia. I keisarbyen måla han av dei viktigaste monumenta. Deretter arbeidde han ei tid i München og så ein ny periode i Dresden.

Frå 1764 arbeidde Bellotto for den polske kongen Stanisław II August Poniatowski som baud honom jobb som hoffkunstnar. Her måla han i det kongelege slott i Warszawa ei rad bilete av byen og omgjevnadene. Måleria hans av Warszawa vart lagt til grunn då byen skulle byggast opp att etter andre verdskrigen.

Bellotto døydde 59 år gammal i Warszawa. Gjennom større delar av livet titulerte han seg for Canaletto, same namnet som onkelen var kjend under. Mange av bileta til dei to er så like i stil at det har vore vanskeleg å bestemme kven som har måla dei enkelte.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bernardo Bellotto

Kjelder[endre | endre wikiteksten]