Bernardo Bertolucci
Utsjånad
Bernardo Bertolucci (16. mars 1941–22. november 2018) var ein italiensk filmskapar og manusforfattar. I tida 1962 til 2012 regisserte han 16 spelefilmar. Han vert rekna som ein av dei store regissørane i filmhistoria. Med Den siste keiser frå 1987 vart han den første italienske filmskaparen til å vinne Oscar for beste regissør. Han vart tildelt mange andre utmerkingar, så som ein BAFTA-pris, ein César-pris, to Golden Globe-prisar, ei gullløve i 2007 og ein æresgullpalme i Cannes i 2011.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bernardo Bertolucci» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mai 2025.