Bernd Schneider (1973- )

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bernd Schneider
Bernd Schneider.JPG
Personleg informasjon
Namn Bernd Schneider
Fødselsdato 17. november 1973 (41 år)
Fødestad Jena i DDR
Høgd 176 cm
Posisjon Midtbane
Ungdomsklubb
1980-83
1983-91
Øst-Tyskland (1959–1990) Aufbau Jena
Øst-Tyskland (1959–1990) Carl Zeiss Jena
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1991-98
1998-99
1999-2009
Tyskland Carl Zeiss Jena
Tyskland Eintracht Frankfurt
Tyskland Bayer Leverkusen
158 (21)
33 (4)
263 (35)
Landslag
1999-2008 Tyskland Tyskland 81 (4)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga .

For andre personar med namnet Bernd Schneider, sjå fleirtydingssida Bernd Schneider.

Bernd Schneider i juni 2005

Bernd Schneider (fødd 17. november 1973 i Jena i DDR) er ein tysk tidlegare fotballspelar. Størsteparten av karrieren spelte han for Bayer Leverkusen. I 2000 og 2002 var han med å koma på 2.plass i tysk bundesliga med Bayer Leverkusen. I 2002 var han med å koma på andre plass med det tyske landslaget i fotball-VM i Japan og Sør-Korea.

«Schnix», som han vert kalla, er ein allsidig spelar, som i tillegg til sin vanlege plass på høgre kant av midtbanen òg kan spela sentralt og defensivt på midtbanen og i forsvar. Som sterk teknisk spelar hjelper han lagkameratane til å koma i scoringsposisjon, sjølv om han sjølv sjeldan avsluttar.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Schneider begynte å spela fotball seks år gamal for klubben Aufbau Jena. Tre år seinare skifta han klubb til den best kjente klubben i området, FC Carl Zeiss Jena. Der spelte han på aldersbestemte lag til han 13. august 1991 gjorde sin proffdebut, 17 år gamal, i 2. bundesliga. I 1994/95-sesongen vart han fast inventar på laget. Etter 1997/98-sesongen, så Carl Zeiss Jena kom på 2. plass i 2. bundesliga, gjekk Schneider til nyopprykte Eintracht Frankfurt i 1. bundesliga.

I Frankfurt vart Schneider straks fast på laget. Han scora fire mål og hjelpte laget med å sikra plassen i 1. bundesliga, men sjølv gjekk han etter ein sesong til storklubben Bayer Leverkusen.

Den første sesongen i Leverkusen (1999/2000) starta han som fast inventar på laget, men mista plassen mot slutten av sesongen. I 2001/2002-sesongen fekk han gjennombrotet sitt i Leverkusen med fast plass på laget og fem mål. Seinare har Schneider vore ein av Leverkusen sine aller viktigaste spelarar. Han har kontrakt med klubben ut sesongen 2008/2009.

Landslaget[endre | endre wikiteksten]

Schneider har spelt 64 landskampar og scora eit mål for det tyske landslaget (pr. 2. juni 2006). Landslagsdebuten kom 28. juli 1999 i ein 2-0-siger over New Zealand i Guadalajara i Mexico. Han kom ikkje med i troppen til fotball-EM i 2000. I VM 2002 var han derimot med på laget som kom til finalen i VM, der han spelte ein av sine beste kampar nokonsinne mot Brasil. To år seinare var han òg med på EM i Portugal. 21. juni 2005 var han for første gong kaptein på landslaget, i ein kamp mot Argentina i konføderasjonscupen. Til VM 2006 på heimebane er han igjen med i landslagstroppen.

Statistikk (pr. 2. juni 2006)[endre | endre wikiteksten]

Landslaget[endre | endre wikiteksten]

  • 64 landskampar, 1 mål
  • 2. plass i VM 2002
  • 3. plass i konføderasjonscupen 2005
  • Deltaking i EM 2004 og konføderasjonscupen 1999

Klubblag[endre | endre wikiteksten]

  • 2x sølvmedalje i tysk bundesliga (2000, 2002)
  • 1x tysk cupfinalist (2002)
  • 249 bundesligakampar og 33 mål for Bayer Leverkusen (216/29) og Eintracht Frankfurt (33/4)
  • 124 kampar i 2. bundesliga og 14 mål for FC Carl Zeiss Jena
  • 34 regionalligakampar og 7 mål for FC Carl Zeiss Jena

Internasjonale klubbmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • Champions-League-finalist 2002
  • Champions-League-åttendedelsfinalist 2003 og 2005
  • 56 europacupkampar og 5 mål for Bayer Leverkusen i Champions-League (50/5) og UEFA-cup (6/0)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]