Bernd Schuster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bernd Schuster
Bernd Schuster (2007).JPG
Bernd Schuster i 2007
Personleg informasjon
Fullt namn Bernhard Schuster
Fødselsdato 22. desember 1959 (59 år)
Fødestad Augsburg i Vest-Tyskland
Høgd 181 cm
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1978-1980 Köln 61 (10)
1980-1988 Barcelona 170 (63)
1988-1990 Real Madrid 61 (13)
1990-1993 Atlético Madrid 85 (11)
1993-1996 Bayer Leverkusen 59 (8)
1996-1997 UNAM Pumas 9 (0)
Totalt 445 (105)
Landslag
1979-1984 Vest-Tyskland 21 (4)
Trenar for
1997-1998 Fortuna Köln
1998-1999 Köln
2001-2003 Xerez
2003-2004 Sjakhtar Donetsk
2005-2007 Levante
2008-2009 Real Madrid
2010-2011 Beşiktas
2013-2014 Málaga
2018-2019 Dalian Yifang
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Bernhard Schuster, kjend som Bernd Schuster, (fødd 22. desember 1959) er ein tysk tidlegare fotballspelar og seinare -trenar frå Augsburg i Bayern som vart europameister med Vest-Tyskland i 1980. Midtbanespelaren Schuster spelte i den spanske toppligaen i 12 år og vann tre spanske seriemeisterskap og var med om heile seks cuptriumfar i Spania, både hos FC Barcelona, Real Madrid og Atlético Madrid.

Spelar[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Schuster spelte andredivisjonsfotball med heimlege FC Augsburg til han i 1978 fekk proffkontrakt med FC Köln. Allereie sommaren 1980 vart han overført til FC Barcelona, der han hadde stor suksess gjennom åtte år. Som framifrå pasningsleggjar ytte han mykje for at Barcelona vann den nasjonale cupfinalen i 1981 og 1983. Han fekk ikkje med seg Barcelona sin triumf i cupvinnarcupen, grunna ein langvarig skade etter ei hårreisande takling frå ein av forsvarsspelarane i Athletic Bilbao, Andoni Goikoitxea, hausten 1981. Våren 1985 bidrog Schuster sterkt til Barcelona lukkast vinn La Liga for fyrste gong på 11 år. Schuster avslutta tenesetida i Barcelona med å verte cupmeister for tredje gong. Sidan spelte han i to sesongar, 1988-90, på Real Madrid og tre, 1990-93, for byrivalen Atlético Madrid. Begge sesongane med Real Madrid vart han spansk ligameister, den fyrste sesongen også spansk cupmeister. Sameleis vann Schuster den spanske cupfinalen i dei to fyrste sesongane på Atlético Madrid, dermed stod han att som vinnar av den spanske cupen i fire av fem år, fordelt på tre ulike klubbar. Schuster avslutta si tid som aktiv med å spele på Bayern Leverkusen i tida 1993-96.

Landslagspel[endre | endre wikiteksten]

Schuster fekk sin landslagsdebut i mai 1979. Året etter deltok han då Vest-Tyskland vann Fotball-EM 1980 etter finalesiger 2-1 mot Belgia. Han skåra begge måla i VM-kvalifiseringskampen mot Albania i Tirana 1. april 1981, eit oppgjer som enda 2-0. Den alvorlege skaden han råka ut for hausten 1981 sette han ut av det vesttyske landslaget i over eitt år, han var såleis uaktuell for VM-troppa 1982. Skotårsdagen 1984 spelte Schuster sin 21. og siste landskamp, skåra i alt fire landslagsmål. Han gav seg på landslaget grunna usemje med det vesttyske fotballforbundet og landslagssjef Jupp Derwall.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1980 med Vest-Tyskland
  • Spansk seriemeister: 1985 med Barcelona og 1989, 1990 med Real Madrid
  • Spansk cupmeister: 1981, 1983, 1988 med Barcelona, 1989 med Real Madrid, 1991 og 1992 med Atlético Madrid
  • Finaletap i europacupen: 1986 med Barcelona

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Schuster har sidan 1997 vore lagsjef i fleire klubbar i ei rekke land. Sesongen 2007/08 førte han Real Madrid til ligapokal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]