Bernhard Greve
Utsjånad
| Bernhard Greve | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 14. april 1886 Bergen |
| Død |
10. mars 1962 (75 år) |
| Yrke | kunstmålar |
Bernhard Henrik Greve (1886–1962) var ein norsk målar og kunstnar. Greve vart fødd i Bergen. Han fekk målarundervising av mellom andre Harriet Backer, Henri Matisse og Oluf Wold-Torne.
I løpet av levetida si laga han både freskomåleri, keramiske skulpturar og framfor alt glasmåleri til ymse norske museum og kyrkjer.
Greve kjøpte tomta Skredhaugen ved Lofthus i Hardanger i 1918. Hit flytte han fleire gamle hus frå rundt om i Sørfjorden, og skapte eit naturtru friluftsmuseum av dei. Han fylte husa med om lag 2000 bruks- og pyntegjenstandar frå Hardanger.
Greve var òg sjølv fleire somrar på Skredhaugen for å få ro og inspirasjon.
Skredhaugen er i dag eit friluftsmuseum eigd av Hardanger Folkemuseum.