Bernhard Hanssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bernhard Hanssen
Fødd25. februar 1864
Død16. april 1939
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre, Frisindede Venstre
Yrkepolitikar, redaktør, fredsaktivist

Cornelius Bernhard Hanssen (25. februar 186416. april 1939) var ein skipsreiar, lærar, redaktør og politikar frå Feda i Kvinesdal.

Far til Hanssen var gardbrukar. Sjølv var han fyrst handelsbetjent, tok deretter lærarskuleeksamen 1881 i Flekkefjord og vart seminarist i Kristiansand. Han var lærar i åtte år. I 1891 kjøpte han avisa Agder, som han redigerte til 1898. Sidan var han skipsreiar og dampskipsdisponent.

I 1894 var Hanssen med og stifta Norges fredsforening, seinare formann i foreininga. Han var medlem av det nordiske interparlamentariske råd, av delegasjonen til fredsmøtet i Paris 1904 og av Londonkonferansen i 1906. Utsending til ein konferanse i St. Louis i 1904. Hanssen var medlem av Nobelkomiteen frå 1913 til han døydde. Han var nestleiar frå oktober 1922.

Hanssen var stortingsrepresentant for Flekkefjord i periodane 1900-15 og 1919-21. Han var medlem av protokollkomiteen 1900-03, sekretær i budsjettkomiteen 1903-06, medlem av Lagtinget 1906-15. Han var medlem 1906-07, sekretær 1908-09 og formann 1910-15 i næringskomite nr 2.

Hanssen var ordførar i Flekkefjord i 1933 og 1936-37.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914