Bernhard Karlgren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bernhard Karlgren
Bernhard Karlgren.jpg
Fødd15. oktober 1889
Jönköping
Død20. oktober 1978
Stockholm
NasjonalitetSverige
Yrkelingvist, universitetslærar, sinolog
InstitusjonarUppsala universitet
Göteborgs universitet
Alma materUppsala universitet
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien
Bernhard Karlgren med kona si Inna.

Klas Bernhard Johannes Karlgren (kinesisk namn 高本漢, Gāo Běnhàn, 15. oktober 188920. oktober 1978) var ein svensk sinolog og lingvist. Han var den første som på systematisk vis kartla kinesiske dialektar for å med moderne vitskaplege metodar rekonstruera mellomalderkinesisk uttale.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bernhard Karlgren var fødd i 1889 i Jönköping i Sverige. Han var bror til professor Anton Karlgren og juristen Hjalmar Karlgren.

Karlgren publiserte sin første vitskaplege artikkel før han var 15 år, om ein svensk dialekt i Småland. På skolen han gjekk på i Jönköping studerte han kristendom, svensk, latin, gresk, tysk, engelsk, fransk, historie, geografi, matematikk, biologi, kjemi og fysikk. Slik hadde han før universitetsåra vore i kontakt med fem framande språk, med mest vekt på latin og gresk. Dei moderne språka var tilvalsfag med færre studietimar.

Åra 1907-09 studerte han ved Uppsala universitet. Der studerte han russisk under Johan August Lundell, som hadde ei sterk interesse for samanliknande fonologi.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Påverka av Lundell bestemde Karlgren seg for å prøva å tillempa metodane til den samanliknande historiske fonologien på kinesisk, noko som ingen så langt hadde studert frå denne synsvinkelen. Sidan det ikkje fanst noka undervising på kinesisk i Sverige den gongen dro Karlgren til St. Petersburg der han studerte språket under A.I. Ivanov. Åra 1910-12 budde Karlgren i Kina, der han studerte kinesisk og utarbeidde skildringar av 24 ulike kinesiske dialektar.

Største delen av tida si i landet heldt Karlgren til i Taiyuan i provinsen Shanxi, der han såg Xinhairevolusjonen i slutten av 1911. Uroligheitene i Kina tvang han til å venda attende til Europa.

I januar 1912 kom Karlgren til London og heldt kort deretter fram til Paris, der han studerte under dei kjende sinologane Édouard Chavannes og Paul Pelliot.

I 1915 tok han doktorgraden og vart dosent i sinologi i Uppsala. I 1918 vart han første innehavar av professoratet i austasiatisk språkvitskap og kultur ved Göteborgs högskola. Han vart seinare professor i østasiatisk arkeologi og sjef for Östasiatiska samlingarna i Stockholm i 1939.

Han var den første som på systematisk vis kartla kinesiske dialektar for å med moderne vitskaplege metodar rekonstruera mellomalderkinesisk uttale. Ein viktig innsats gjorde han på lignande vis med gammelkinesisk. Han forska òg på kinesiske låneord i andre språk, japansk, koreansk og vietnamesisk.

Blant dei mest sentrale verka hans er:

  • Études sur la phonologie chinoise, 1915-1926.
  • Ordet och pennan i Mittens rike, (1918; engelsk oversettelse 1923)
  • Analytic Dictionary of Chinese and Sino-Japanese, 1923.
  • Från Kinas språkvärld, föreläsningar vid Göteborgs högskola, Albert Bonniers förlag, 1946.
  • Grammata Serica Recensa, 1957.

Karlgren fekk i 1955 den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste.

Han døydde i Stockholm i 1978.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Malmqvist, Göran (1995). Bernhard Karlgren: eitt forskarporträtt. Stockholm: Norstedts. ISBN 9119550928.
  • Bielenstein, Hans, Bernhard Karlgren (1889–1978) (1979) Journal of the American Oriental Society. 99. (3).