Bernhard Schlink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bernhard Schlink

Nasjonalitet Tyskland Tysk
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 6. juli 1944 (79 år)
Großdornberg i Bielefeld
Yrke Forfattar, professor (juss), dommar
Periode 1987-
Politisk parti Sozialdemokratische Partei Deutschlands
Sjanger Kriminallitteratur, fiksjon, faglitteratur
Medlem av PEN Tyskland
Far Edmund Schlink
Debut Selbs Justiz, 1987
Bernhard Schlink på Commons

Bernhard Schlink (fødd 6. juli 1944 i Großdornberg i Bielefeld) er ein tysk jurist, professor i rettsvitskap og forfattar. Han er mest kjend for romanen Der Vorleser (på norsk Høytleseren), som vart ein internasjonal bestseljar.

Barndom og oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Schlink vart fødd i Bethel i Tyskland, faren,Edmund Schlink, var tysk, mora kom frå Sveits. Bernhard var den yngste av fire søsken. Faren var professor i teologi i Heidelberg, men mista denne stillingen under nazismen, og måtte arbeida som prest i staden. Bernhard Schlink voks opp i Heidelberg frå han var to år gammal.

Juridisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Schlink studerte juss ved Ruprecht-Karls-Universität Heidelberg og ved Freie Universität Berlin, og vart uteksaminert i 1968[1] Frå 1982 til 1991 var han professor i offentleg rett ved Rheinische Friedrich-Wilhelms Universitet i Bonn, og 1991 til 1992, professor i offentleg rett, sosial lov og juridisk filosofi ved Johann Wolfgang Goethe-universitetet i Frankfurt am Main. Frå 1992 til 2009 var han professor i offentleg rett og rettsfilosofi ved Humboldt-Universität zu Berlin. Frå 1987 til 2006 var Bernhard Schlink dommar i konstitusjonsdomstolen i staten Nordrhein-Westfalen i Münster. Han drog seg attende i 2006.

Forfattar[endre | endre wikiteksten]

Forfattarkarrièren tok til med detektivromanen Selbs Justiz i 1987, som han skreiv saman med Walter Popp. Hovudpersonen her er den aldrande detektiven Gerhard Selb, eit ordspel med det tyske ordet for «sjølv», selb. Selb opptrer i tre bøker, «Selb-triologien», ingen av desse omsette til norsk. I denne første romanen får Selb eit oppdrag som fører han attende til si eiga fortid som aktor under nasjonalsosialismen.[2] I 1995 gav Schlink ut Der Vorleser (Høytleseren), ein roman om ein tenåring som har ein affære med ei kvinne i tretti-åra som brått vert borte, men som han møter att seinare, då han som som jus-student vitjar ei rettssak om krigsbrotsverk.

Boka vart ein bestseljar både i Tyskland og USA, og vart omsett til 39 språk. Det var den første tyske boka som nådde førsteplassen på bestseljarlista til New York Times. I 1997 vann romanen Hans-Fallada-Preiz, ein tysk litteraturpris, og Prix Laure Bataillon for verk omsette til fransk. I 1999 fekk han avisa Die Welt sin WELT - Literaturpreis.

Schlink byter no på å bu i New York og Berlin[3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Juridiske fagbøker[endre | endre wikiteksten]

Fiksjon[endre | endre wikiteksten]

Essays[endre | endre wikiteksten]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Side om Bernhard Schlink på authortrek.com, arkivert frå originalen 6. mars 2014, henta 28. februar 2012 
  2. Lexikon der deutschen Krimi-Autoren om Bernhard Schlink
  3. Ben Naparstek (2. februar 2008). «A dark inheritance». The Sydney Morning Herald. Henta 28. februar 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]