Bernhard Severin Ingemann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bernhard Severin Ingemann
Ingemann.jpg
Fødd 28. mai 1789
Torkilstrup
Død

24. februar 1862
Sorø

Bernhard Severin Ingemann på Commons

Bernhard Severin Ingemann (28. mai 178924. februar 1862) var ein dansk salmediktar og forfattar av historiske romanar.

Bernhard Severin Ingemann måla av C.A. Jensen i 1844

Ingemann vart fødd i i Torkilstrup. Han arbeidde ved Sorø Akademi, der han var lektor i dansk språk og litteratur. Mellom anna skreiv han: Morgensalmer til Brug for Eleverne i Sorøe Academies Skole (1822) og Morgensange for Børn (1837).

Dei mange salmane for born gjorde han særleg kjend, mellom anna «Nu titte til hinanden», «I Østen stiger solen op», «Julen har bragt velsignet bud» og «Dejlig er jorden». Kritikaren Georg Brandes sa om songane til B. S. Ingemann: «Hans morgen- og aftensange er uforgængelige ..»

Ingemann døydde i Sorø og er gravlagd på kyrkjegarden ved Sorø klosterkyrkje.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]