Bernhard Tandberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bernhard Tandberg (14. desember 185621. juni 1913) var ein gardbrukar, trelasthandlar og stortingsmann frå Lier i Buskerud.

Tandberg var son til ein gardbrukar og skogeigar. Sjølv gjekk han 1867-72 den høgare allmennskulen i Drammen. Etter eit år på eit trelastkontor og eit anna år utanlands, byrja han i drifta til faren. Han overtok i 1881 ein del av faren sine skogeigedomar, og i 1887 heile farsgarden Nes på Nes i Buskerud. Frå 1885 dreiv han også med trelasthandel. Tandberg var medlem av heradsstyret i Nes frå 1885, ordførar 1892-98. Også sparebankdirektør.

Tandberg var 4. representant for Buskeruds amtStortinget 1900-03, og var Hallingdal krins sin representant 1910-12. Bolken 1900-03 var han medlem av vegkomiteen, medan han 1910-12 var medlem av Lagtinget, landbrukskomiteen og valkomiteen. I 1912 var han permittert frå 12. juni.

Han døydde i Kristiania i 1913.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914