Bernhardkreps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bernhardkreps
Bernhardkreps
Bernhardkreps
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Orden: Tifotkreps Decapoda
Familie: Eremittkreps Paguridae
Slekt: Pagurus
Art: Bernhardkreps P. bernhardus
Vitskapleg namn
Pagurus bernhardus

Bernhardkreps (Pagurus bernhardus eller Eupagurus bernhardus) er den vanlegaste arten i eremittkrepsfamilien langs den europeiske Atlanterhavskysten. Han vert litt over 35 mm lang og finst i fjæra frå Svalbard og Island i nord til Portugal i sør. Som andre eremittkrepsar manglar han det harde skalet andre krepsdyr har, og bur difor i sniglehus som han konstant skifter ut.

I delar av utbreiingsområdet lever eremittkrepsen symbiotisk med sjøanemoner som Calliactis parasitica (i varmt vatn) eller Hormathia digitata (i kaldt vatn). Desse beskytter krepsen mot predatorar med neslecellene sine, og får til gjengjeld nyta godt av restane frå måltid krepsen inntek. Eremittkreps er åtseletarar som hovudsakleg et animalsk føde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bernhardkreps