Bernie Leadon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bernie Leadon
FlyingBurritos1970.jpg
The Flying Burrito Brothers (Amsterdam, 1970). Frå venstre til høgre: Sneaky Pete Kleinow, Rick Roberts, Chris Hillman, Michael Clarke & Bernie Leadon
Fødd19. juli 1947 (71 år)
FødestadMinneapolis
FødenamnBernard Mathew Leadon, III
OpphavUSA
Aktiv1961 til i dag
SjangerRock, countryrock, bluegrass
InstrumentElektrisk gitar, akustisk gitar, banjo, B-Bender elektrisk gitar, mandolin, Dobro, pedal steelgitar, vokal
Kjende instrumentFender Telecaster
Gibson Les Paul
Martin D-28
Gibson Style 5 Deluxe
Tilknytte artistarEagles, Flying Burrito Brothers, Dillard & Clark, Hearts & Flowers, Scottsville Squirrel Barkers, Nitty Gritty Dirt Band, Run C&W, Ever Call Ready, Maundy Quintet
PlateselskapAsylum, Really Small Entertainment
Verka somMusikar, låtskrivar

Bernard Mathew «Bernie» Leadon, III (fødd 19. juli 1947) er ein USA-amerikansk musikar og låtskrivar, mest kjend som medlem av Eagles frå starten av. Før Eagles spelte han i tre banebrytande countryrockband som inspirerte mange, Hearts & Flowers, Dillard & Clark og Flying Burrito Brothers. Han spelar fleire instrument (gitar, banjo, mandolin, steelgitar, dobro) og hadde ein bakgrunn innan bluegrass. Han introduserte element av dette i musikken for eit større publikum då han spelte i Eagles.

Leadon har hatt ein låg profil etter at han slutta i Eagles og har gjeve ut to soloalbum med eit mellomrom på 27 år. Leadon har òg vore mykje nytta som studiomusikar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Leadon byrja å spele i bluegrassbandet the Scottsville Squirrel Barkers i California i 1962. Etter han flytta til Florida på midten av 1960-talet, vart Leadon med i det kortvarige country-folkbandet Hearts and Flowers, og var med på det andre og siste albumet deira, Of Horses, Kids and Forgotten Women i 1968, før han danna ei ny gruppe, Dillard & Clark. Leadon spelte på heile det første albumet deira, The Fantastic Expedition of Dillard & Clark i 1968, men berre nokre få utvalde spor på det neste albumet, Through the Morning, Through the Night i 1969. Leadon spelte så ein kort periode i bandet til Linda Ronstadt, som vart kalla the Corvettes, før han vart med eit av dei aller første countryrockbanda, the Flying Burrito Brothers, hausten 1969. Leadon var verande med the Burritos i nokre år, og spelte mellom anna på Burrito Deluxe i 1970 og The Flying Burrito Brothers i 1971 og konsertalbumet Last of the Red Hot Burritos i 1972.

Då han slutta i the Burritos, vart Leadon nok ein gong medlem av bandet til Linda Ronstadt, i lag med gitaristen og songaren Glenn Frey og trommeslagaren og songaren Don Henley. Kort tid etter valte trioen å starte sitt eige band, Eagles, i lag med den tidlegare Poco-bassisten Randy Meisner. Bandet perfeksjonerte og populariserte countryrockstilen til the Flying Burrito Brothers. Medan Leadon var i gruppa, gav dei ut fire album, debutplata Eagles i 1972, Desperado i 1973, On the Border i 1974 og One of These Nights i 1975. Leadon var medlåtskrivar på mange av songane deira. Dei lange turneane og dei lange innspelingsprosessane sleit på Leadon, som valte å forlate gruppa.[1] Eagles heldt fram og erstatta Leadon med Joe Walsh, og gav så ut eit av dei mestseljande albuma i historia, Hotel California i 1976.

I 1977 danna Leadon the Bernie Leadon/Michael Georgiades Band, som gav ut eit album same året, Natural Progressions, før dei vart oppløyst. I 1980-åra spelte Leadon ein del saman med Chris Hillman, på Morning Sky i 1982 og Desert Rose i 1984, og danna eit kristent bluegrassband kalla Ever Call Ready, som gav ut eit enkelt album i 1985. To år seinare erstatta Leadon John McEuen i Nitty Gritty Dirt Band og var med på albuma Hold On (1987), Workin' Band (1988) og Will the Circle Be Unbroken, Vol. 2 (1989). I 1990-åra starta Leadon bandet Run C & W, som spesialiserte seg på countryversjonar av rapsongar. Dei gav ut to album, Into the Twangy-First Century i 1993 og Row vs. Wade i 1995). I 2003 gav han ut soloalbumet Mirror.

I tillegg til desse prosjekta har Leadon vore gjesteartist for mange andre artistar gjennom åra, mellom anna innspelingar av Gram Parsons, Alabama, Rita Coolidge, Andy Fairweather Low, Emmylou Harris, John Hiatt, David Crosby og Stevie Nicks.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Bernie Leadon» frå Wikipedia på engelsk, den 17. august 2015.
  • Elliot, Marc (1998). To the Limit: The Untold Story of the Eagles. Little, Brown. ISBN 978-0-316-23370-5. 
  • Einarson, John (2001). Desperados: The Roots of Country Rock. Cooper Square Press. ISBN 978-0-8154-1065-2. 
  • Einarson, John (2005). Mr. Tambourine Man: The Life and Legacy of the Byrds' Gene Clark. Backbeat books. ISBN 0-87930-793-5. 
  • Felder, Don with Holden, Wendy (2008). Heaven and Hell: My Life in the Eagles (1974-2001). Wiley. ISBN 978-0-470-28906-8. 
  • Einarson, John with Hillman, Chris (2008). Hot Burritos: The True Story of The Flying Burrito Brothers. Jawbone Press. ISBN 1-906002-16-9. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]