Gassarsongarfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bernieridae)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gassarsongarfamilien


Gassarsongar, Bernieria madagascariensis, var tidlegare klassifisert som bylbyl med norsk namn langnebbylbyl Foto: danielguip

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Bernieridae
Slekter
  • Oxylabes
  • Gassarsongarfamilien er ein nyleg anerkjent klade Bernieridae av underordenen songfuglar i Passeriformes.[1][2][3] Denne biologiske familien samlar elleve artar av små fuglar, alle endemiske til Madagaskar.

    Allereie i 1934 vart det gjort framlegg om denne monofyletiske gruppa[4]. Men ein heldt fram med den tradisjonelle klassifiseringa av desse fuglane grunna feiltydingar av konvergerande evolusjon og mangel på tilpassa forsking. Gassarsongarar var tidlegare lagt til Pycnonotidae, bylbylar, Sylviidae, songarar og særleg Timaliidae, timalar.

    Det var ikkje før det var gjort DNA-analysar[5][6] at den lenge føreslåtte grupperinga vart akseptert.

    Fleire av desse artane er særs lite kjente, og vart skildra av vitskapen for kort tid sidan. Skogbotntetraka, Xanthomixis apperti, vart skildra i 1972 og betsimisarakasongar, Cryptosylvicola randrianasoloi, i 1996. Alle artar i slekta Xanthomixis med unntak av lorgnettetraka, Xanthomixis zosterops, er trua av tap av habitat, og er oppført som sårbare på IUCN raudliste.

    Dei fleste gassarsongarar lever i dei fuktige regnskogane på austre Madagaskar, men nokre artar finst i dei tørrare sørvestre delar av øya. Dei lever av insekt og vil danne fleirartsflokkar frå opp til seks artar, medan dei beitar.

    Slekter og artar[endre | endre wikiteksten]

    Gassarsongarar i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[7] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[8]

    Slekt Oxylabes, tidlegare timal

    • Kvitstrupesongar, Oxylabes madagascariensis, White-throated Oxylabes, Gmelin, 1789, (LC)

    Slekt Bernieria, tidlegare bylbyl

    • Gassarsongar, Bernieria madagascariensis, Long-billed Bernieria, Gmelin, 1789, (LC)

    Slekt Cryptosylvicola, tidlegare Sylvidae-songar

    • Betsimisarakasongar, Cryptosylvicola randrianasoloi, Cryptic Warbler, Goodman, Langrand & Whitney, 1996, (LC)

    Slekt Hartertula, tidlegare timal

    • Kilehalesongar, Hartertula flavoviridis, Wedge-tailed Jery, E. J. O Hartet, 1924, (NT)

    Slekt Thamnornis, tidlegare Sylvidae-songar

    • Mahafalysongar, Thamnornis chloropetoides, Thamnornis, Grandidier, 1867, (LC)

    Slekt Crossleyia, tidlegare timal

    • Sitronbrynsongar, Crossleyia xanthophrys, Yellow-browed Oxylabes, Sharpe, 1875, (NT)

    Slekt Xanthomixis, tidlegare bylbylar

    • Lorgnettetraka, Xanthomixis zosterops, Spectacled Tetraka, Sharpe, 1875 , (LC)
    • Skogbotntetraka, Xanthomixis apperti, Appert's Tetraka, Colston, 1972, (VU)
    • Tanalatetraka, Xanthomixis tenebrosa, Dusky Tetraka, Stresemann, 1925, (VU)
    • Gråkronetetraka, Xanthomixis cinereiceps, Gray-crowned Tetraka, Sharpe, 1881 , (NT)

    Slekt Randia, tidlegare Sylvidae-songar

    • Lauvkronesongar, Randia pseudozosterops, Rand's Warbler, Delacour & Berlioz, 1931, (LC)

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    • Cibois, Alice; Pasquet, Eric; Schulenberg, Thomas S. & (1999) Molecular Systematics of the Malagasy Babblers (Passeriformes: Timaliidae) and Warblers (Passeriformes: Sylviidae), Based on Cytochrome b and 16S rRNA Sequences. Molecular Phylogenetics and Evolution 13(3): 581–595. doi:10.1006/mpev.1999.0684 (HTML abstract)
    • Cibois, Alice; Slikas, Beth; Shulenberg, Thomas S. & Pasquet, Eric (2001) An endemic radiation of Malagasy songbirds is revealed by mitochondrial DNA sequence data. Evolution]] 55(6): 1198–1206. doi:[1198:AEROMS2.0.CO;2 10.1554/0014-3820(2001)055[1198:AEROMS]2.0.CO;2] PDF fulltext
    • Salomonsen, F. (1934) Revision of the Madagascar Timaliine birds. Annals and Magazine of Natural History (10th series) 14: 60–79.

    Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

    1. Cibois et al. 2010
    2. Endringar gjort til versjon 6.4 av Clementslista, desember 2009
    3. IOC World Bird List, versjon 2,5 Old World Warblers and Babblers.
    4. Salomonsen 1934
    5. Cibois et al. 1999, 2001
    6. Beresford et al. 2005
    7. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017) (CSV), eBird/Clements Checklist v2017, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/updates-corrections-august-2017/, henta 1. oktober 2017 
    8. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Wikispecies
    Wikispecies har taksonomisk informasjon om Bernieridae