Bernt Brendemoen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bernt Brendemoen
Fødd10. januar 1949
Oslo
Død9. mars 2024
NasjonalitetNoreg
Yrkefilolog, omsetjar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Bernt Brendemoen (10. januar 19499. mars 2024) er ein norsk turkolog og professor ved Universitetet i Oslo.

Brendemoen tok mellomfag i gresk og latin ved universitetet i Oslo, før han studerte tyrkisk ved universitetet i Istanbul og i Oslo. Han tok magistergraden i tyrkisk språkvitskap i 1977, og var deretter stipendiat ved universitetet i Oslo, før han vart utnemnd til amanuensis i 1982. Han var førsteamanuensis frå 1989 og vart dr. philos. i 2001 på ei avhandling om tyrkiske dialektar. Frå 2002 har han vore professor i turkologi.

Brendemoens interessefelt er tyrkisk språk, språkhistorie, dialektar og litteratur, og dessutan aserbajdsjansk. I 1980 utgav han ei tyrkisk-norsk ordbok saman med Yasar Tanrikut, og i 1998 ei norsk-tyrkisk ordbok saman med Sinan Çorbacioǧlu. Han har dessutan omsett fleire bøker av den tyrkiske forfattaren Orhan Pamuk.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • The Turkish Dialects of Trabzon. Their Phonology and Historical Development. Vol. I — Analysis (345 s.); vol. II — Texts (280 s.). Wiesbaden: Harrassowitz. 2002.
Omsetjingar
  • Orhan Pamuk: Svart bok. Oslo: Gyldendal, 1994. ISBN 82-05-22141-3
  • Orhan Pamuk: Mitt navn er Karmosin. Oslo: Gyldendal, 2004. ISBN 978-82-05-32913-3
  • Orhan Pamuk: Istanbul – Byen og minnene [Istanbul – Hatralar ve Şehir] Oslo: Gyldendal, 2006
  • Orhan Pamuk: Noe fremmed i mitt sinn [Kafamda bir Tuhaflık] Oslo: Gyldendal, 2016
  • Orhan Pamuk: Uskyldighetens museum. Oslo: Gyldendal, 2010. ISBN 978-82-05-37803-2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]