Bernt Hovdan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bernt Hovdan
Fødd 11. april 1875
Død

15. juni 1933 (58 år)

Bernt Evinius Beruldsen Hovdan (11. april 187515. juni 1933) var ein norsk byråkrat og politikar frå Dypvåg i Aust-Agder. Han representerte VenstreStortinget 1916-18.

Hovdan var son til ein skipper. Han vart student frå Gundersens skole i Kristiania i 1893 og cand.jur. i 1897. 1897/98 var han sakførarfullmektig på Voss, 1899/1900 tilsett i Riksforsikringsanstalten og 1900/01 advokatfullmektig i Skien. Frå 1901 var han politifullmektig i Senja og Steigen futedømme, med bustad i Narvik. I 1910 vart han politimeister i Narvik, og i 1913 byfut same staden. Åra 1918-25 var han sorenskrivar i Steigen, deretter jobba han i same posisjonen i Ringerike frå 1926 til han døydde i 1933.

Valperioden 1906-09 var Hovdan varamann til Stortinget frå einmannskrinsen Bodø og Narvik. I perioden 1916-18 representerte han same krinsen og partiet Venstre på Stortinget. Han var då nestformann i Justiskomite nr 2 i 1916, i 1917-18 var han medlem i Jarnbanekomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]