Bernt Nissen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bernt Nissen
Bernt August Nissen.jpg
Fødd 18. juli 1892
Død

17. juni 1970 (77 år)

Yrke journalist, biograf

Bernt August Nissen (18. juli 189217. juni 1970) var ein norsk journalist og historikar, fødd på Årnes, som i fleire tiår var med og prega norsk filmpolitikk.

Nissen var utdanna cand.philol. med ei hovudoppgåve om Morgenbladet og bondeopposisjonen. Frå 1918 var han utanriksmedarbeidar i Verdens Gang til 1922, det siste året som korrespondent i Paris. Etter å ha vore tilsett eitt år i Stavanger Aftenblad, arbeidde han frå 1923 til 1931 i Dagbladet, dei tre siste åra som markant politisk redaktør.

I 1931 tok Nissen over som sjef for Statens Filmkontroll. I den eigenskap var han ein pådrivar for å hjelpe fram norsk filmproduksjon. Då Statens Filmråd vart oppretta vart Nissen utnemnd til leiar av rådet. Både som leiar av filmrådet og i stillinga som filmsensor var han ein viktig talsmann for norsk film. Etter han gjekk av med pensjon i 1962 arbeidde han med Statens Filmarkiv, som han sjølv bygde opp frå 1935. Ved sida av filmsensorarbeidet heldt Nissen i NRK stortingskronikkar i tida 1931-39 og kvar månad åra 1934–40 filmkronikkar. Frå 1945 var han spaltist i Verdens Gang.

Nissen gav ut fleire bøker med tema frå norsk historie. I 1930 kom 1905, der etter kom Venstres historie i 1934 og 1814 i 1945. I presenterte han ein biografi om statsminister Gunnar Knudsen, der han la særleg vekt på Knudsens tilknyting til partiet Venstre. Han skreiv også band 6 og 7 i Vårt folks historie.

I 1963 vart Nissen utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]