Bernt Skrede

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bernt Skrede
Fødd 6. oktober 1945
Død

15. mai 2019 (73 år)

Yrke skribent

Bernt Skrede (6. oktober 194515. mai 2019)[1] var ein norsk lærar og forfattar.

Han var fødd på Norderhov og oppvaksen på Ringsaker, i Mysen, Skjeberg og på Nordfjordeid i Eid kommune. Han hadde eksamen frå Volda lærarskule med vidareutdanning i pedagogikk, musikk, tysk og ålmenn litteraturkunnskap. Skrede arbeidde ved fleire folkehøgskular i Danmark, Island og Norge. Han var lærar ved Hornindal skule i Hornindal.

Bernt Skrede omsette og skreiv sjølv skodespel for amatørteater. Han var formann i Firda ungdomslag og i Hornindal kulturstyre.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • utan år – Olsok : eit spel til olsok  [Teatermanus]
  • utan år – Troll i tale  [Teatermanus]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]