Berry Oakley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Berry Oakley
Berry Oakley. Allman Brothers Band. 1972.jpg
Verkeleg namn Raymond Berry Oakley, III
Fødd 4. april 1948(1948-04-04)
Chicago
Død

11. november 1972 (24 år)
Macon i Georgia i USA

Instrument

bassgitar, gitar, vokal

Sjanger Rock, southern rock
Aktive år 1964–1972
Yrke Musikar
Tilknytte artistar The Allman Brothers Band

Raymond Berry Oakley III (4. april 194811. november 1972) var ein USA-amerikansk bassist og ein av dei opphavlege medlemmane i The Allman Brothers Band. Han vart rangert på 46. plassen på lista til magasinet Bass Player over dei 100 beste bassistane gjennom tidene.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Oakley var fødd i Chicago i Illinois, og voks opp i forstaden Park Forest i Illinois,[2] før han flytta til Florida, der han møtte og vart med i bandet til Dickey Betts, The Second Coming. Han var med å starte The Allman Brothers Band i 1969, i lag med gitaristane Duane Allman og Betts, songaren og klaverspelaren Gregg Allman, og trommeslagarane og perkusjonistane Butch Trucks og Jai Johanny «Jaimoe» Johanson.

Oakley var kjend for lange, melodiske bassløp som danna ei pulserande stamme under gitarsoloane og jammane til Allman og Betts. «In Memory of Elizabeth Reed», «Mountain Jam» og «Whipping Post» frå konsertalbumet At Fillmore East fangar Oakley på sitt beste. Då Duane Allman døydde i ei motorsykkelulukke den 29. oktober 1971, var Oakley heilt knust. Kring eit år seinare omkom Oakely sjølv i ei motorsykkelulukke, berre tre kvartal frå er Allman hadde omkomme. Oakley krasja med ein buss, men ønskte å dra heim i staden for til legen. Tre timar seinare vart han i store smerter køyrt til sjukehuset der han døydde av kraniebrot.[3] Han var 24 år då han døydde, like gammal som Allman.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

The Allman Brothers Band

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The 100 Greatest Bass Players of All Time». bassplayer.com. NewBay Media. 
  2. Scott Freeman, Midnight Riders: The Story of The Allman Brothers Band, 1995, p. 36
  3. Paul, Alan (24 Feb 2015). One Way Out. New York: Macmillan. s. 192. ISBN 978-1-250-04049-7. Henta 15. juli 2015.