Berse Skaldtorfuson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)
Berse Skaldtorfuson i lekkjer etter at han vart fanga av kong Olav Haraldsson.

Berse Skaldtorfuson (norrønt: Bersi Skáldtorfuson) var ein islandsk skald som var aktiv i tida etter år 1000, til han døydde om lag 1031.

Liv og skaldskap[endre | endre wikiteksten]

Mor hans skal ha vore Skald-Torfa I MidtfjordenIsland. Han vart fødd omkring 985-990, og han var ein god ven med skalden Grettir (Ásmundarson). Alt omkring år 1000 var han nemnd som ein særs dugande, ung mann og ein god skald. Han hadde eit vinnande vesen og var godt likt av alle han møtte. Frå kongesogene er det kjent at han på denne tida reiste til Noreg og var først skald hos Eirik jarl. Etter at Eirik jarl reiste til England i 1015, vart Berse verande hos Svein Håkonsson Ladejarl og han var om bord på skipet hans[1] under slaget ved Nesjar.

Berse var truleg med Svein jarl til Sverige etter slaget, men ei tid seinare, då Svein jarl var avliden, kom han attende til Noreg. Der vart han teken til fange og lagt i lekkjer av kong Olav Haraldsson. Kongen utmana han til å prove at han var ein god skald; han skal då ha gjort ei lausavise[2] som kongen tykte godt om, og Berse vart sett fri. Seinare dikta han ein flokk[3] (norrønt flokkr) om kong Olav.

Omkring år 1026 var Berse i lag med Sigvat Skald hos kong Knut i England, og i 1029 reiste han på pilgrimsferd til Roma saman med Sigvat. På heimvegen året etter, møtte dei nokre nordmenn som kunne fortelje at kong Olav Haraldsson var blitt drepen i Trøndelag. Dette skal ha gått hardt inn på Berse, og han vende om og reiste attende til Roma. Det er ein tradisjon at han skal ha døydd i Peterskyrkja og blitt gravlagt der.

Det er nemnt i Skáldatal[4] at Berse skal ha dikta eit kvad om Svein Håkonsson Ladejarl og eit anna om kong Knut, men begge er gått tapt.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Soga om Olav den Heilage kap. 50
  2. Skaldic Project Lausavise av Berse Skaldtorfuson
  3. Skaldic Project Flokk om Olav den Heilage, berre 3 vers er kjende
  4. Skáldatal Oversikt over dikt av Bersi Torfuson.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]