Bert Acosta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Bert Acosta
Bertrand Blanchard Acosta in jodhpurs and goggles circa 1923.png
Fødd 1. januar 1895
San Diego
Død

1. september 1954
Denver

Yrke flygar
Bert Acosta på Commons

Bertrand Blanchard Acosta (1. januar 18951. september 1954) var ein amerikansk flygar som sette fleire rekordar. Saman med Clarence Chamberlin sette han utholdenhetsrekord på over 51 timar i lufta. Acosta deltok i den spanske borgarkrigen i den såkalte Yankee Squadron.[1] Han var kjend som ein «bad boy of the air». Acosta fekk uttallige bøter og mellombels flyforbud på grunn av stunts, slike som å fly under bruer eller for nær bygningar.[2]

Unge år[endre | endre wikiteksten]

Acosta vart fødd i San Diego i California, som son av Miguel Acosta og Martha Blanche Reilly.[3] Han studerte ved Throop Polytechnic Institute i Pasadena i California frå 1912 til 1914.[4] Han lærde seg sjølv å fly i august 1910 og eksprimenterte med å byggja fly fram til 1912 då han byrja å arbeida for Glenn Curtiss som lærling på eit sjøflyprosjekt. I 1915 arbeidde han som flyinstruktør. Han drog til Canada og arbeidde som instruktør for Royal Flying Corps og Royal Naval Air Service i Toronto. I 1917 vart han sjefsinstruktør i Aviation Section, U.S. Signal Corps på Hazelhurst Field, Long Island kor han testfløy tidlege opne fly, slike som Continental KB-1 over New York i temperaturar under frysepunktet.[5]

Acosta gifta seg med Mary Louise Brumley (1886–1962) i 1918, men vart skilt året etter. Han vann Pulitzer Trophy Race i 1921 og same år sette han fartsrekord på 176,9 miles per time. I 1922 var han test pilot for Stout Batwing Limousine, forløperen til Ford Trimotor. I 1925 var han løytnant i den amerikanske marinen og budde i Connecticut. Han gifta seg med Helen Belmont Pearsoll 3. august 1921. Dei vart separert, men aldri skilt.

Utholdenhetsrekord[endre | endre wikiteksten]

I april 1927 sette han, saman med Clarence D. Chamberlin utholdenhetsrekord i lufta på 51 timar, 11 minutt og 25 sekund, noko som vart omtalt i Bladet Times 25. april 1927.[6]

Forsøk på å ta Orteig-prisen[endre | endre wikiteksten]

Presidenten for Columbia Aircraft Corp, Charles Levine, planla å bruka Clarence Chamberlin eller Bert Acosta som pilot, saman med Lloyd W. Bertaud som copilot i eit forsøk på å ta Orteigprisen i ein Wright-Bellanca Columbia. Bertaud fekk mellombels flyforbud. Det melde seg andre kandidatar til Orteigprisen, som Charles Lindbergh. Medan Chamberlin venta på at forbodet skulle opphevast var nok ein kandidat klår. Admiral Byrd's team hadde reparert sin Fokker Trimotor America eit etter mindre havari under prøveflyvning. I dagane 20.–21. mai 1927 forlét Lindbergh Roosevelt Field og kryssa Atlanterhavet og både Columbia og Atlantic stod igjen på den nærliggande Curtiss Field.[7]

Transatlantisk flyvning[endre | endre wikiteksten]

Den 29. juni 1927, trettitre dagar etter Charles Lindberghs atlanterhavsrekord flaug Acosta frå Roosevelt Field på Long Island til Frankrike med Commander Admiral Richard E. Byrd ombord i America'.[8] Ein kort film av Acosta, Byrd, George Noville, og Grover Whalen som ga ein farvell-tale vart filma 29. juni som  America's Flyer . Under flygninga, (om historia er sann) slo Byrd til Acosta med eit brannslukningsapparat eller ein lommelykt då han mista kontrollen på grunn av drikking.[9] Den som verkelege førde flyet mesteparten av turen var Bernt Balchen, han fekk likevel lite heider av at han kanskje redda heile mannskpet under landinga i Normandie. Byrd hadde avgjort at heile opplegget skulle vera ein hel-amerikansk gjerande. Balchen var på den tida ikkje vorte naturalisert amerikanar.

Bad Boy[endre | endre wikiteksten]

I 1928 fråtok Connecticut han pilotlisensen for å ha freista å fly under Whittemore Memorial Bridge i Naugatuck. Vengespennet på flyet hans fly var ifølgje lokalkjende større enn breidda på brobua. Den planlagde flyvningen kan ha vore eit reklamestunt. På skroget på Acostas fly var den malne reklamen for tennpluggar. I 1929 vart han bøtlagt med 500 dollar for dette. Då han ikkje betalte bota, vart hans pilotlisens trekt attende, og han vart arrestert i 1930 for å ha floge utan lisens.

Saman med kaptein Lisandro Garay frå Honduras flyvåpen planla han i 1931 å fly frå New York til Honduras. Dei forlét Floyd Bennett flyplass i ein Bellanca med bensinen til 360 gallon, men av ukjende grunner forsvann Bert, og gjennomførde ikkje turen.[10]

Den spanske borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

I 1936 deltok Acosta i den spanske borgarkrigen som leiar for Yankee Squadron. Han deltok saman med Eddie Schneider og Frederic Ives Lord.[11]

Død[endre | endre wikiteksten]

I desember 1951 kollapsa Acosta i ein bar i New York City og vart sendt til sjukehus med tuberkulose. Han døydde opå eit jødisk sjukehus i Colorado i 1954, 59 år gammal. Acosta vart gravlagt i Valhalla Memorial Park Cemetery i North Hollywood, California.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Acosta vart innlemma i National Aviation Hall of Fame i 2014.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «4 Americans in Spain to Fly for Madrid. Acosta and Three Mates Reach Valencia to Take Course in Military Aviation.». The New York Times. 21. november 1936. Henta 5. juni 2015. Bert Acosta, one of this country's leading racing pilots, and four other fliers from fields in the Newark district have arrived at Valencia, where they will go through a hurried course in military flying before taking the air against the Rebels, it was revealed here yesterday. 
  2. «Died.». Time. 13. september 1954. Henta 2007-09-25. Bert Acosta, 59, pilot of the historic multi-engined flight across the Atlantic (1927) with Admiral Richard E. Byrd and Bernt Balchen; of tuberculosis; in Denver. At 14 (in 1910), Acosta built and flew his own plane, went on to establish a world's speed record (176.7 m.p.h.) at 26 and endurance record (51 hr. 11 min. 25 sec.) at 32; in later life, despite hard times and family problems, wound up with a legendary reputation for skillful piloting and artful risk-taking (e.g., he once buzzed Manhattan's Metropolitan Life tower to see what time it was). 
  3. Bertrand Blanchard Acosta's mother had a half-brother with the surname of Snook
  4. «Bertrand Blanchard Acosta». Early Aviators. Henta 5. juni 2015. Taught self to fly, August 1910; built experimental planes and continued personal research until 1912; joined Glenn H. Curtiss as apprentice assisting in developing land and hydroplanes; instructed in flying; 1915. became instructor of R.F.C. and R.N.A.S. at Toronto, Canada ... 
  5. «Continental Pusher Biplane». Aviation: 35. 1. februar 1918. 
  6. Bill Bryson: En sommer - Amerika 1927. s.10. Gyldendal (2015)
  7. «Bellanca Aircraft». Arkivert frå originalen 2010-11-21. Henta 17. november 2010.  Den ukjende parameteren |arkivdato= vart ignorert (hjelp); Den ukjende parameteren |dødlenke= vart ignorert (hjelp); Den ukjende parameteren |arkivurl= vart ignorert (hjelp); Den ukjende parameteren |besøksdato= vart ignorert (hjelp); More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp)
  8. «The Trans-Atlantic Flight of the 'America'». Check-Six. Henta 6. juni 2015. 
  9. «Pilot's Pilot». Time. 10. juni 1935. Henta 6. juni 2015. Long before anyone ever heard of Lindbergh, Chamberlin, Post or Earhart, one of aviation's big names was Bert Acosta. Famed as a 'natural' among pilots, he probably had a greater talent for flying than any man before or since. But like many another early barnstormer and stunter, he took to the fleshpots on earth as an offset to his work in the air. His life, consequently, became a rowdy romance in which brawls, jails and domestic entanglements were due to play a large part. 
  10. «Biggests». Time. 17. august 1931. Henta 6. juni 2015. Captain Lisandro Garay of the Honduran Air Force last week at Floyd Bennett Field loaded a Bellanca monoplane with 360 gallons [of] gasoline and Bert Acosta 'to make a test flight' from New York to Honduras. Acosta sneaked away; Captain Garay took off, headed for Tegucigalpa, reprimand, glory, or death. 
  11. «3 U.S. Airmen Here to Explain Aid to Loyalists; Acosta, Berry, Schneider Fly to Capital With Their Attorney». Washington Post. 20. januar 1937.  20. januar 1937. 
  12. «Aviation Hall Of Fame Honors Six». Henta 5. juni 2015.