Bert Cameron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bert Cameron
Statsborgarskap Jamaica
Fødd 16. november 1959 (64 år)
Spanish Town
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984, Sommar-OL 1980

Bertland Cameron (fødd 16. november 1959) er ein jamaicansk tidlegare friidrettsutøvar frå Spanish Town som i 1983 vart den fyrste verdsmeister på 400 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Cameron vann 400 m i samveldeleikane 1982 i Brisbane med tida 45,89 sekundar. Under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, som fann stad i Helsinki i august 1983, sprang han inn til gullmedalje på spesialdistansen framom to utøvarar frå USA. I Sommar-OL 1984 kvalifiserte han seg til finalen med eit løp på 45,10 sekundar, men ein skade gjorde at han ikkje møtte til finaleløpet.

VM-finalen på 400 m i 1987 måtte Cameron sjå frå tribuneplass, før han i 4 x 400 m stafett sprang Jamaica inn til sjetteplass. Under dei olympiske sommarleikane 1988 i Seoul sette Cameron i semifinalane sin endelege personlege rekord på 44,50 sekundar. I finalen vart han klokka inn på 44,94 og til sjetteplass. Sidan i leikane spurta han på ankeretappen i 4 x 400 m stafett forbi Tysklands Ralf Lübke og sikra det jamaicanske laget sølv i øvinga.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1980 i Moskva: Utslått i kvartfinalane på 400 m (47,31 =nr 26)
  • VM 1983 i Helsinki: Gullmedalje på 400 m – 45,05, framom Michael Franks (45,22)
  • OL 1984 i Los Angeles: Stilte ikkje i finalen på 400 m – nr 8
  • VM 1987 i Roma: Utslått i semifinalane på 400 m (45,19 =nr 10)
  • OL 1988 i Seoul: Nr 6 på 400 m – 44,94. Sølv i 4 x 400 m stafett

Kjelder[endre | endre wikiteksten]