Berte Rognerud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berte Rognerud

Fødd29. mars 1907
Østre Toten kommune
Død27. januar 1997 (89 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Berte Rognerud (fødd 29. mars 1907Østre Toten, død 27. januar 1997) var ein norsk politikar for Høgre. Ho sat på Stortinget for Oslo frå 1954 til 1973.

Berte Rognerud var arbeidstakerorganisasjonen Delta sin første kvinnelege leier. Ho leidde Kommunale Funksjonærers Landsforbund (KFL) i perioden 1952-1962. Ho var ein pioner i ei tid då dei fleste kvinner var husmødre.

Rognerud var utdanna med vinterlandbruksskole og frå Statens kvinnelige industriskole (1928). Mesteparten av dei yrkesaktive liva hennar arbeidde ho som Styrar ved Oslo arbeidskontors landbruksavdeling.

Ved sida av stortingplassen hadde Rognerud ei rekkje tillitssvev i Høgre-systemet. Ho var blant annan medlem i arbeidsutvalet 1958–1975 og leiar for Høyrekvinners Landsforbund 1966–1975.

1936 vart Rognerud tilsett som avdelingsstyrar i landbruksavdelinga ved Oslo arbeidskontor, som einaste kvinnelege søkar blant 110 menn!

Berte Rognerud var ein av dei første kvinnesakskvinnene på Stortinget. Som yrkesaktiv frå ungdomen av var ho ein pioner òg i arbeidslivet.

Mase-Berte

I politikken fekk ho tidleg klengenavnet «Mase-Berte», fordi ho aldri gav opp kampen for det ho trudde på. Opphavleg var nok ikkje tilnamnet berre positivt meint, men det vart ei heidersnemning. Det seier noko om posisjonen hennar at ho berre vart tiltalt som Berte – lengje før det vart vanleg å bruka førenamn på politiske leiarar.

Berte Rognerud var ein av dei fremste forkjempere for lov om barnehagar og skattefrådrag for hjelp i heimen. Dette var viktige bidrag til at kvinner kunne kombinera omsutsrollen med ein yrkesaktiv karriere utanfor heimen.

I alle år viste Berte Rognerud eit sterkt engasjement for organisasjonsarbeid og organisasjonsfridom. Difor vart tillitsverva mange.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]