Bertel Bertelsen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bertel Bertelsen | |
Fødd | 8. juni 1835 Trondenes |
---|---|
Død | 23. september 1925 |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Venstre |
Yrke | lærar, Lensmann, politikar |
Bertel Andreas Bertelsen (8. juni 1835–23. september 1925) var ein norsk lærar, lensmann og stortingsmann frå Trondenes i Troms. Han representerte Venstre på Stortinget.
Bertelsen var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han ut frå Tromsø seminar i 1856, og var så dei neste tre åra lærar i heimbygda. Frå 1859 var han lærar i Tromsø. År 1868 flytta han til Hammerfest, der han var vaktmeister ved distriktsfengslet og politibetjent. Frå 1888 var han lensmann i Sør-Varanger, med bustad i Jarfjord.
Bertelsen var 1. representant frå Finmarkens amt på Stortinget 1898-1900. Han var medlem av Lagtinget og av næringskomité nr 1. Grunna sjukdom var han permittert frå 30. mai 1900.
Han døydde i Jarfjord i 1925.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914