Bertel Storskrubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bertel Storskrubb
Bertel Storskrubb 1939.jpg
Fødd 24. april 1917
Jakobstad
Død

21. april 1996
Helsingfors

Yrke mellomdistanseløper, sprinter

Alf Bertel Storskrubb (24. april 191721. april 1996) var ein finsk friidrettsutøvar frå Jakobstad.

Storskrubb var ein allsidig idrettsutøvar; i 1945 var han med på laget som vann det finske handballsmeisterskapen. Best gjorde han det likevel som friidrettsutøvar på øvingane 400 meter, 800 meter og 400 meter hekk.

Storskrubb vann gullmedaljen på 400 m hekk under EM i friidrett 1946 med tida 52,2 sekundar, hans personlege rekord i øvinga. Same året fekk han notert 1.49,3 på 800 meter ved eit stemne i Malmö, årsbeste i verda og finsk rekord i ti år.

To år etter EM-triumfen var han ankermann for det finske mannskapet som enda på fjerdeplass i 4 x 400 meter stafett under sommarleikane 1948 i London. Han rauk ut or langhekk-tevlinga i semifinalane.

Storskrubb vann 24 individuelle finske meiterskap og i tillegg 10 stafettmeisterskap.

Han døydde i Helsingfors.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]