Berta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bertha)
Glasmåleri av «Sainte Berthe» i ei kyrkje i Dordogne.

Berta og Berte, med Bertha og Berthe som andre vanlege skrivemåtar, er kvinnenamn av fleire moglege opphav. Berta og Berte har norsk namnedag den 31. august, medan Berta også har svensk namnedag den 8. februar.

Avleiing[endre | endre wikiteksten]

Namna blir vanlegvis sett i samnaheng med gammalhøgtysk ber(a)ht, 'lysande' eller 'vidkjend'. Ordet er kjend frå namnet og namneleddet Bert og -brecht. Gudinna Berchta eller Perchta har same opphavet. Bjarte er eit mannsnamn av norrønt opphav med ei liknande tyding.

I nordisk samanheng kan namnet òg knytast til Birgitta med liknande avleidde namneformer, som Berit og Birte.

Bert(h)ina og Bertine er avleidde former av namnet.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Bert(h)a var mykje brukt ved slutten av 1800-talet. Bruken avtok fram mot 1950-talet, og det har sidan vore uvanleg. I 2009 var namnet brukt av til saman 1 208 norske kvinner. 488 heitte Bertha, 376 Berta, 178 Berthe og 166 Berte.

Operasongaren Berta Morena.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]