Berthold Auerbach
| Berthold Auerbach | |
| Pseudonym | Theobald Chauber |
| Statsborgarskap | Kongeriket Württemberg |
| Fødd | 28. februar 1812 Nordstetten |
| Død |
8. februar 1882 (69 år) |
| Yrke | lyrikar, skribent |
| Medlem av | Burschenschaft Germania Tübingen |
| Ektefelle | Auguste Auerbach, Nina Landesmann |
| Prisar | Roter Adlerorden 4. Klasse, Bayerischer Maximiliansorden für Wissenschaft und Kunst |
| Berthold Auerbach på Commons | |
Berthold Auerbach (28. februar 1812–8. februar 1881) var ein tysk forfattar av jødisk herkomst. Han er kjend for sine landsbyforteljingar frå Schwarzwald: Schwarzwälder Dorfgeschichten.
Auerbach var frå landsbyen Nordstetten i dagens Baden-Württemberg. Her voks han opp i små kår, men ved hjelp eit stipend fekk han studere filosofi. Som student var han politisk aktiv i den såkalla «Burschenschaftsbewegung», ei patriotisk studentrørsle. Denne aktiviteten førte til han i periodar sat fengsla.

Auerbach debuterte med Schwarzwälder Dorfgeschichten (‘Landsbyhistorier frå Schwarzwald’), ei rad forteljingar som kom ut frå 1843 til -54. I denne syklusen av forteljingar skildrar han det enkle livet i ein landsby. Boka vart svært populær og inspirerte mange forfattarar til å skrive tilsvarande landsbyhistorier. Seinare skreiv han både prosa og teaterstykke, utan å få eit like stort gjennomslag som med landsby-sogene.
Auerbach engasjerte seg i å forbetre dei tyske jødane sine kår. Han skreiv og gav i 1836 ut brosjyren Das Judentum und die neueste Literatur (‘Jødedommen og ny litteratur’). Han er elles kjent for sine omsetjingar av Baruch Spinoza sine tekstar.
Fleire av Auerbach sine forteljingar har vorte omsett til norsk. Rasmus Løland sine omsetjingar av Barfüssel og Ivo, der Hajrle kom i 1905 og 1906 på nynorsk som Anne Berføtt og Ivo Prestemne.
Auerbach døydde i Cannes i Frankrike.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Berthold Auerbach» i Store norske leksikon, snl.no.