Bertil Palmar Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bertil Palmar Johansen

Fødd18. februar 1954 (70 år)
OpphavNoreg
Instrumentfiolin
Verka sommusikar, komponist

Bertil Palmar Johansen (fødd 18. februar 1954) i BrattvågSunnmøre) er ein norsk komponist og fiolinist.

Han studerte fiolin ved Trøndelag Musikkonservatorium og komposisjon med Per Hjort Albertsen, Holger Prytz og Olav Anton Thommesen. Han har komponert for eit breitt spekter av instrumentale og vokale besetningar, Fleire av desse er bestillingar frå norske og internasjonale ensemble og solistar.

Ei viktig side ved Bertil Palmar Johansens musikalske utøving og tenkemåte må sjåast på bakgrunn av hans mangeårige arbeid som komposisjonslærar (Trøndelag Musikkonservatorium), fiolinpedagog (Trondheim kommunale kulturskole) og som dirigent. Desse stillingane har gitt inspirasjon til ei rekkje komposisjonar av høg kvalitet for barn og ungdom – frå små solostykkar til opera og oratorium.

Palmar Johansen har vore aktiv i organisasjonslivet, og sat i ei årrekke i styret for Ny Musikk og Nordlyd - Trondheim Contemporary Music Festival.

Palmar Johansen bor i Trondheim og har hatt eit tett samarbeid med Trondheim Symfoniorkester i mange år.

Komposisjonar (utval)[endre | endre wikiteksten]

For Trondheim Symfoniorkester komponerte han Tiden Bygger Byen, ein ballett i to aktar med koreografi av Anne Grete Eriksen og Leif Hernes. Balletten var ei bestilling i høve Trondheims 1000 årsjubileum i 1997 og vart nominert til EDVARD-prisen. Av andre oppdrag komponisten utførte til jubileumsfeiringa kan nemnast oratoriet De varme vinder framført i Nidarosdomen med orkester, kor og solistar beståande av 250 unge musikarar. Palmar Johansen fekk i 2002 Edvard-prisen for verket Tors Hammer, ein stort anlagt symfonisk reise tilbake til norrøn mytologi for orkester, kor og solistar. Prosjektet er eit samarbeid mellom eit profesjonelt orkester og ein kulturskole.

I 2000, som ein del av Norsk kulturråds markering av tusenårsskiftet, var det urpremiere på hans opera HjerterDame til Ringve med libretto av Cecilie Løveid og med Randi Stene i hovudrolla som Victoria Bachke. Av større verk dei siste åra må nemnast operaen Madonna Furiosa som hadde premiere i Nidarosdomen under Olavsfestdagene i 2005. Den var seinare same år i Sverige (Gotland) i konsertversjon og på Island og Grønland seinhausten 2006 i ny oppsetting og i samarbeid med kunstnarar frå Island med libretto av Tale Næss. Forteljinga sett søkelyset på skilnaden mellom den rike og fattige verda.

Han har også dei siste åra komponert mykje for barn og ungdom. Både små og store ting. Mononese er laga for ein heil kulturskole og er eit heilaftens verk med tema omkring viktigheita av eit kunst og kulturtilbod for ungdom. Det er for stort orkester, dans, song og forteljar, og gir store høve for scenografi og lys. Tekst av Lasse Fjørtoft.

Palmar Johansen var i perioden 2004-06 huskomponist ved Kristiansand Blåseensemble. Han avslutta sin periode der med operaen Dustefjerten - eit samarbeidsprosjekt mellom Kristiansand Symfoniorkester og Opera Sør. Libretto er skriven av Rune Belsvik. I denne perioden vart også Odins Øye og Tuba Concerto urframført. (Tileigna Øystein Baadsvik).

AS Røverkjøp er eit melodrama for blåseensemble og skodespelar. Det er ein barne- og familieforestilling med tekst av krimforfattar Fredrik Skagen. – som eit radiohøyrespel i konsertsalen. Minken Fosheim og Øyvind Brandtzæg er blant skodespelarane som har gitt liv til den spanande forteljinga. Han har laga musikk til fleire faste utstillingar – blant anna Vitenskapsmuseets mellomalderutstilling og utstillinga med Riksregalia i Erkebispegården (Nidarosdomen).

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg verkliste Arkivert 2011-10-09 ved Wayback Machine.
  • Hjerter Dame til Ringve, musikkdrama. Libretto av Cecilie Løveid. Omhandlar livet til Victoria Bachke.
  • Tiden bygger byen (1997), ballett.
  • Liebeslied (1989), for orkester
  • Cantilena (1987/03) for kammerorkester
  • Concertino di rosso tinto (1993/94) for fiolin solo og strykeorkester
  • Chili String (1994, revidert 2003/2004) for strykeorkester eller strykekvartett
  • Pizz.a Pepperoni (1996, revidert 2003) for strykeorkester

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

CD[endre | endre wikiteksten]

  • Strings, Cikada strykekvartett
  • On a spring string, Trondheim unge strykere
  • Bertil Palmar Johansen, Juniorsolistene, leiar Sigmund Tvete Vik. Solistar: Trine Knutsen, fløyte og Thomas Norup Jensen, klarinett
  • AS Røverkjøp, Luftforsvarets musikkorps, dirigent Bjørn Sagstad. Forteljar Øyvind Brandtzæg. Tekst av Fredrik Skagen

Enkeltverk på CD[endre | endre wikiteksten]

  • Konsert for to fioliner og strykere, CD: The Trondheim Soloists. Dirigent Bjarne Fiskum. Solistar Elise Båtnes og Henninge Båtnes
  • Cantus for solo blokkfløyte, CD: New Church Music from the Nidaros Cathedral, Trondheim. Solist Tore Aaen Aune
  • Høstscener for blåsekvintett, CD: Trondheim Wind Quintet
  • Variasjoner for fiolin solo, CD: Bjarne Fiskum
  • Bølgens ansikt, CD: 10 Bilder - NTNU. Solist Tom Cato Amundsen, accordeon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bertil Palmar Johansen