Bertrand-François Mahé de La Bourdonnais

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bertrand-François Mahé de La Bourdonnais

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 11. februar 1699
Saint-Malo
Død

10. november 1753 (54 år)
Paris

Yrke politikar, militær
Språk fransk
Bertrand-François Mahé de La Bourdonnais på Commons

Bertrand-François Mahé de La Bourdonnais (comte de La Bourdonnais) (fødd 11. februar 1699 i Saint-Malo, død 10. november 1753 i Paris) var ein offiser i den franske marinen og administrator i Det franske austindiske kompaniet.

Han vart fødd 11. februar 1699 i Saint-Malo i Bretagne og reiste til sjøs som gut. I 1718 tente han for Det franske austindiske kompaniet som løytnant. I 1724 vart han forfremma til kaptein og utmerkte i erobringa av Mahé utanfor Malabarkysten, slik at han fekk namn etter byen. I to år tente han som portugisisk statthaldar i Goa, men kom tilbake i fransk teneste i 1735 som guvernør i Île de France (Mauritius) og the Île de Bourbon (Réunion). Han vitja Frankrike i 1740, men reisa vart avbroten på grunn av krig med Storbritannia og han vart sett til å kommandere flåten i dei indiske farvatna.

Han redda Mahé og hjelpte general Dupleix ved Pondicherry, slo Lord Peyton og i 1746 medverka han i omleiringa av Madras. Han krangla med Dupleix over styret av India, og tilhøvet dei i mellom vart ikkje betre då Mahe kom tilbake til Île de France og oppdaga at Dupleix hadde utpeikt ein etterfølgjar som guvernør. Han segla på eit nederlandsk fartøy for å ta saka si til retten då han vart teken til fange av britane. Han fekk derimot lov å reise til Frankrike på prøve, men i staden for å ta krangelen med Dupleix til retten, vart han i 1748 arrestert for vanstyre som guvernør, og sett i Bastillen i to år. Han vart stilt for retten i 1751 og frikjend, men helsa hans hadde vorte dårleg i fengselet og han hadde mista eigedomane sine. Til det siste kom han med urettvise anklager mot Dupleix. Han døydde i Paris den 10. november 1753.

Statue i Saint-DenisRéunion

Fleire stader vart kalla opp etter han, som MahéSeychellane, Mahé i Pondicherry i India, MahébourgMauritius og ei gate i Pondichéry. Port LouisMauritius har eit hotell med hans namn, Labourdonnais Waterfront Hotel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]