Bertrand Gundersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bertrand Gundersen
Bertrand Gundersen.jpg
Fødd 29. mai 1854
Død

15. februar 1915

Yrke politikar

Bertrand Gundersen (29. mai 18541915) var ein norsl lærar, rektor og stortingsmann frå Drammen. Han var medlem av Venstre.

Gundersen var son til ein skipper. Sjølv vart han student i 1872 og cand. mag. i 1881. Tida 1878-83 var han lærar ved privatskular i Kristiania. Frå 1883 til -92 dreiv han sin eigen privatskule i same byen. I 1892 flytta han til Bodø, der han var styrar av Bodø kommunale mellom- og handelsskole til 1909. Sidan var han rektor ved Skien skole.

Gundersen var formann i skulestyret i Bodø 1894-97, og ordførar i bystyret 1895 og 1897. Han gav ut fleire lærebøker og var eit par år redaktør av avisa Nordland. I 1911 vart han leiar av departementskomiteen vedkomande folkegymnasa.

Gundersen var Bodø og Narvik sin representant på Stortinget 1906-09. Han var medlem av protokollkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]