Hopp til innhald

Beryl Markham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beryl Markham

StatsborgarskapStorbritannia
Fødd26. oktober 1902
Ashwell
Død

3. august 1986 (83 år)
Nairobi

Yrkehestetrener, flygar, skribent
Språkengelsk
Beryl Markham på Commons

Beryl Markham (fødd 26. oktober 1902 som Beryl Clutterbuck, daud 3. august 1986) var ein britisk-kenyansk flygar, eventyrar, hestetrenar og forfattar. Ho var ein av dei første bush-flygarane, og den første kvinna til å flyga åleine utan stopp over Atlanterhavet frå aust til vest. Ho skreiv om opplevingane sine i memoara Vestover i natten.

Markham vart fødd i landsbyen Ashwell i Rutland i England som dotter av Charles Baldwin Clutterbuck, ein dugeleg hestetrener, og Clara Agnes Alexander (1878-1952).[1] Ho hadde ein eldre bror, Richard Aleksander «Dickie» Clutterbuck (1900-1927). Då ho var fire år gammal flytta familien til den britiske kolonien Britisk Aust-Afrika, det seinare Kenya. Faren kjøpte ein farm i Njoro i nærleiken av Great Rift Valley. Mora og broren reiste snart attende til England, men Markham vart buande med faren.

  1. Lovell, Mary S., Straight on Till Morning, New York: St. Martin's Press, 1987, s. 3